Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Stilling
Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Sjukepleiar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei fast stilling som sjukepleiar (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg.

Seksjon for oral kirurgi og oral medisin utdannar tannlegar og spesialistar i oral kirurgi. Vi har eit dynamisk og aktivt miljø, og i tillegg til undervisning driv vi også med forsking, mellom anna på bruk av stamceller for å bygge kjevebein. Arbeidsmiljøet er godt.

Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).


Arbeidsoppgåver:

  • Ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
  • Omsorg for pasientar
  • Rettleiing og undervisning av tannlegestudentar, tannpleiarar og spesialistkandidatar
  • Ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, gjerne operasjonssjukepleiar
  • Erfaring frå undervisning/rettleiing er ønskjeleg
  • For søkjarar utan spesialutdanning vert det kravd relevant erfaring
  • Erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
  • Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt

Vi søkjer ein person som

  • Er fleksibel og serviceinnstilt
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Liker å delta i undervisning
  • Er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for stillinga. 


Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 655 000 – 685 000 (kode 807). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.  
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Cecilie Gjerde, tlf.: 986 98 405 eller e-post: cecilie.gjerde@uib.no For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Ivar Øiestad, e-post: ivar.oiestad@uib.no

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk

Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.

  • Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.
  • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.
  • Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.
  • Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.

Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her: Slik behandler vi din søknad | UiB


Kontaktpersoner
Cecilie Gjerde
Førsteamanuensis
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter