Seniorrådgjevar/rådgjevar rekneskap (statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vil du bidra til god rekneskapsføring ved eit av Noregs leiande universitet?
Vi søker ein fagleg sterk og utviklingsorientert medarbeidar til ei sentral rolle innan rekneskap. Stillinga inngår i eit kompetent fagmiljø med ansvar for rekneskapsføring, rapportering, internkontroll og vidareutvikling av økonomiprosessar ved Universitetet i Bergen.
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for rekneskap, er det ledig ei fast, 100% stilling som seniorrådgjevar/rådgjevar rekneskap. Stillinga inngår i ei gruppe av 6 medarbeidarar.
Som rådgjevar/seniorrådgjevar vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre korrekt rekneskapsrapportering, bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosessar, samt vere ein viktig fagressurs for organisasjonen.
Arbeidsoppgåver:
- Rekneskapsføring og kvalitetssikring av rekneskapsdata
- Periodelukking og årsavslutning
- Avstemmingar og rekneskapskontrollar
- Oppfølging av meirverdiavgift og andre avgiftsmessige problemstillingar
- Saksbehandling og kontroll innan rekneskapsområdet
- Rapportering til leiinga, styre og overordna departement
- Bidra til standardisering, effektivisering og vidareutvikling av rutinar, prosessar og internkontroll
- Fagleg rådgjeving og opplæring av økonomimedarbeidarar i organisasjonen
- Delta i tverrfaglege utviklings- og forbetringsprosjekt
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan rekneskap og revisjon, rekneskap og økonomirådgjeving eller økonomi og administrasjon med relevant spesialisering innan rekneskap. For rådgjevar krevst relevant utdanning på minimum bachelorgradsnivå. For seniorrådgjevar krevst relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Autorisasjon som statsautorisert regnskapsførar eller statsautorisert revisor
- God forståing for rekneskapsregelverk, internkontroll og økonomiske prosessar
- Erfaring med analyse, kvalitetssikring og rapportering av økonomiske data
- Det er ein fordel med erfaring frå rekneskapsføring, revisjon eller økonomistyring i større og komplekse verksemder
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- arbeider strukturert, sjølvstendig og med høg grad av nøyaktigheit
- evner å prioritere og handtere fleire oppgåver samtidig
- tar fagleg ansvar og bidreg til kunnskapsdeling i organisasjonen
- er initiativrik og løysingsorientert
- ser samanhengar og har evne til å handtere komplekse problemstillingar
- bidrar positivt til samarbeid på tvers av fagmiljø
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby:
- Ei sentral rolle i ein kunnskapsorganisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og kunnskapsdeling
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Løn i stilling som rådgjevar (kode 1434) kr. kr. 695 000 – kr. 790 00 eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr. 750 000 – kr. 870 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Kathrine Levin, tlf. 55 58 20 26 / 95 22 55 82, eller e-post: Kathrine.levin@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.