Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Stilling
Rådgiver (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
15. nov.
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
 

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Rådgjevar 

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar med ansvar for ph.d. utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Seksjon for økonomi- og forskingsstøtte, som yter tenester til heile fakultetet. 

Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å arbeide med forskarutdanning i eit komplekst og kunnskapsintensivt miljø. Stillinga passar for deg som trivst med sjølvstendig ansvar, har god gjennomføringsevne og evnar å kombinere strategisk perspektiv med sans for detaljar. Du vil inngå i eit fagmiljø som arbeider med forskarutdanning ved fakultetet, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen.

Ph.d.-koordinator har eit særskilt ansvar for administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program. Stillinga omfattar sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving og kvalitetsutvikling gjennom heile ph.d.-løpet, frå opptak til disputas. Den som blir tilsett skal bidra med analyser, rapportering og utviklingsarbeid, og vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar i spørsmål som gjeld forskarutdanning.


Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og saksbehandling innan forskarutdanning, inkludert opptak, oppstart, opplæringsdel, innlevering og disputas.
  • Forvalte og vidareutvikle fakultetet sitt ph.d.-program 
  • Koordinere fakultetet sitt arbeid med forskarutdanning i samarbeid med institutt og sentraladministrasjon 
  • Følgje opp sentrale prosessar gjennom ph.d.-løpet 
  • Koordinere ph.d.-kurs og utviklingsprogram for forskarar tidleg i karrieren 
  • Utarbeide styringsinformasjon, rapportering og beslutningsgrunnlag for leiing og utval 
  • Bidra til utvikling av rutinar, prosessar og kvalitetssystem innan forskarutdanning
  • Førebu og følgje opp saker til utval og leiing 
  • Delta i strategisk utviklingsarbeid ved fakultetet 
  • Webarbeid og informasjonsforvaltning innan arbeidsområdet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fullført mastergrad er eit krav
  • Erfaring frå ph.d.-administrasjon eller studieadministrasjon er ønskjeleg
  • Erfaring med sjølvstendig saksbehandling og rådgivingsoppgåver vil bli vektlagt 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse; kjennskap til universitetet sine system er ein fordel
  • Erfaring med Felles studentsystem (FS) vil bli tillagt stor vekt. Erfaring med sakshandsamingssystem, gjerne WebSak, er ønskjeleg. 
  • Evne til å arbeide systematisk, målretta og nøyaktig 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarsfull og imøtekommande

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for å lukkast i stillinga.


Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434), For tide utgjer det mellom kr. 650 000 - 720000 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, vibeke.irgan@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter