Programutvalsleiar for profesjonstudiet i medisin (førsteamanuensis eller professor).
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAProgramutvalsleiar for profesjonstudiet i medisin.
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ein fast stilling som (100 %) som programutvalsleiar for profesjonsstudiet i medisin (professor eller førsteamanuensis). For søkjarar med anna relevant klinisk stilling kan redusert stillingsprosent vurderast etter nærare avtale.
Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Bergen er frå 2025 ein fleircampusmodell på seks år, der alle studentar er i Bergen dei første tre studieåra og tek dei tre siste studieåra anten ved campus Bergen, campus Stavanger, campus Førde (frå hausten 2028) eller
campus Haugesund (frå hausten 2029). Gjennom prosjektet Vestlandslegen og auken i talet på studieplassar dei siste åra er medisinstudiet ved UiB inne i ei omfattande utvikling. Programutvalsleiaren vil ha eit særskilt ansvar for regionaliseringa av studiet. Dette vil krevje god organisasjonsforståing og evne til å koordinere og vidareutvikle eit komplekst studieprogram, sikre god samhandling mellom fagmiljø og campusar og leggje til rette for eit tett samarbeid med helseføretak og kommunar.
Profesjonsstudiet i medisin ved UiB skal vere kjenneteikna av forskingsbaserte, studentaktiviserande læringsformer og eit inkluderande læringsmiljø som fremjar meistring og læring. Programutvalsleiaren skal ha ei sentral rolle i å vidareutvikle undervisninga og leggje til
rette for at nye lærings- og vurderingsformer blir tekne i bruk. Vi utdannar legar med solid fagleg kompetanse og tryggleik til å utøve profesjonelt skjønn og bidra til utviklinga av helsetenestene.
Tilsetjingsforholdet til stillinga vil tilhøyre det institutt der søkjar sitt fagområde (spesialitet) høyrer heime. Programutvalsleiar skal også samarbeide tett med Eining for læring.
Arbeidsleiinga for stillinga ligg hos visedekan for utdanning. Stillinga har utdanningsleiing som hovudoppgåve, med særleg vekt på fagleg og pedagogisk utvikling av medisinstudiet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Programutvalsleiaren sine viktigaste arbeidsoppgåver:
- Ha hovudansvar for fagleg innhald og relevans i studieprogrammet.
- Være operativ fagleg og pedagogisk leiar av studieprogrammet, gjennom å leie Programutvalet for medisin (PUM) og PUM sitt arbeidsutval (AU).
- Være ansvarleg for kvalitetssikring og utvikling av praksis, undervisnings- og vurderingsformer i samsvar med nasjonale lover og forskrifter, og UiB sitt regelverk.
- Ha eit tett og godt samarbeid med studieadministrasjonen om drift og utvikling av
studieprogrammet. - Sikre god koordinering og samhandling mellom dei fire campusane og dei ulike faglege og organisatoriske einingane i studieprogrammet.
- Ha god dialog med dei fire institutta som inngår i medisinutdanninga.
- Bidra til fagleg og pedagogisk utvikling av undervisninga og sikre god oppfølging og støtte til dei lokale studieleiarane ved alle campusane.
- Ha overordna ansvar for internasjonalisering og studentutveksling.
- Ha eit overordna ansvar for å sikre eit godt og inkluderande læringsmiljø på tvers av campusane.
- Følge opp overordna studentsaker og skikketsheitsaker ved behov.
- Sørge for eit godt samarbeid med eksterne partar som den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta.
Andre relevante arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga.
Den som vert tilsett, skal drive forsking innanfor den ordinære fordelinga av arbeidstid for vitskapleg tilsette. Undervisningstida vil i stor grad bli oppfylt gjennom arbeidet som studieprogramleiar. Ved kapasitet vil studieprogramleder kunne bidra i anna undervisning,
til dømes kurs avholdt av Enhet for læring, i samråd med arbeidsleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Kvalifiserte søkjarar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege.
- Søkjar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse og fylle kompetansekrava til professor eller førsteamanuensis.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på nettsidene til Eining for læring.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt særleg vekt på:
- Leiarutdanning, eller erfaring frå leiing og utviklingsarbeid, gjerne frå høgare utdanning.
- God organisasjonsforståing og evne til å koordinere og vidareutvikle komplekse studieprogram eller tilsvarande.
- Evne til å leie utviklings- og endringsprosessar.
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og samarbeid på tvers av fagmiljø og organisatoriske einingar.
- Engasjement for medisinsk utdanning og motivasjon for å vidareutvikle medisinstudiet ved UiB.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit
fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt - Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og
kompetanseutvikling - Professor:
Løn er for tida kr 1 015 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 1 035 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- utfyllande CV
- relevante vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15 for professor og høgst 10 for førsteamanuensis). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
- namn og kontaktinformasjon til minst to referansar.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte visedekan for utdanning Reidun Kjome på tlf 55 58 6118 eller e-post: reidun.kjome@uib.no.
For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell på tlf. 55 58 52 88 eller e-post: therese.odfjell@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.