Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAProfessor II/Førsteamanuensis
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin (samfunnsmedisin) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er lagt til Fagområde for Epidemiologi og Statistikk, og knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) i Bergen kommune. Arbeidsstad er Alrek helseklynge. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Arbeidsoppgaver vil bestå i forskning, undervisning og koordinering med Bergen kommune særleg knytta til samfunnsmedisinsk praksis
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Undervisningsgruppa i samfunnsmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, cand.med og er enten ferdig spesialist eller under spesialisering i samfunnsmedisin.
- Kvalifiserte søkjarar må ha erfaring som stilling som kommuneoverlege.
- Det er ønskeleg at søkjar har brei kunnskap om samfunnsmedisinske emne.
- Det er ønskeleg at kandidaten har deltatt i undervisning og rettleiing av PhD-studentar og medisinstudentar, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.
- Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe.
- Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga.
- Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar.
- Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Det er eit krav for førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast fire år etter tilsetjing, sjå retningsliner på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Professor:
Løn er for tida kr 1 015 000 (kode 1013), løn for spesialist kr 1 035 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordninger
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- utfyllande CV, vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til professor Liv Grimstvedt Kvalvik (E-post: liv.kvalvik@uib.no, telefonnummer: +47 55588548). For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen (E-post: thomas.bentsen@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.