Postdoktor innen global helse
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, fagområdet global helse, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor. Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det er ønskeleg at eit slikt forskingsopphald skjer ved National Cancer Institute, Bethesda, Maryland, USA. Stillinga er knytt til Senter for forsking på mødre- og barnehelseintervensjonar (CISMAC) og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Stillinga har arbeidsstad i Bergen, men det må reknast med noko reiseverksemd. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga innan rimeleg tid etter tilsetjing.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CISMAC gjennomfører studiar av helseintervensjonar som kan utjamne ulikskapar i helse.
Livmorhalskreft er den nest vanlegaste årsaka til kreftrelatert død blant kvinner i fertil alder i låg- og mellominntektsland, men høg dekning med humant papillomavirus (HPV)-vaksinen kan eliminere sjukdommen. HPV-vaksinasjon er innført for aldersgruppa 9-14 år, men det ville gje store økonomiske og logistiske fordelar for helsetenesta over heile verda, og truleg færre motførestillingar blant foreldre, om HPV-vaksinen kunne bli gjeve saman med andre vaksinar i småbarnsalderen. Det finst ingen kunnskap om sikkerheit og langvarig immunitet etter HPV-vaksinasjon hos barn under fire år, men det er grunn til å tru at småbarn kan utvikle ein immunrespons som er minst like god som den hos eldre barn. I dette prosjektet skal vi gjennomføre ein randomisert kontrollert studie i Noreg for å undersøkje om HPV-vaksinering av småbarn er like trygt og effektivt som vaksinering av elevar i barneskulen (dagens praksis).
Arbeidsoppgåver:
- Ta del i planlegging og gjennomføring av randomisert kontrollert studie på HPV-vaksinering av småbarn.
- Koordinere samarbeidet med helsestasjonane som vil få ansvar for rekruttering av deltakarar og vaksinering.
- Koordinere oppfølging og prøvetaking av deltakarane.
- Følgje opp deltakarar ved mistanke om biverknader.
- Analysere data og publisere funn knytt til tryggleiken og immunresponsen ved HPV-vaksinering av småbarn.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor pediatri, immunologi, epidemiologi eller andre relevante fagfelt innan medisin, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
- Lege- eller sjukepleieutdanning er ein føresetnad.
- Søkjar må ha svært gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Erfaring frå klinisk arbeid i norsk helseteneste er naudsynt, og god kjennskap til det norske barnevaksinasjonsprogrammet er ein fordel.
- Leiarerfaring er ein fordel.
- Spesialistutdanning i pediatri vert rekna som ein fordel.
- Dokumentert erfaring frå vaksinestudiar eller randomiserte kontrollerte studiar er ein fordel.
- Evne til å halde tidsfristar og handtere komplekse oppgåver sjølvstendig på ein strukturert og systematisk måte, og gode samarbeidsevner er naudsynt.
- Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk og engelsk er påkravd
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.
Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det vil vere opning for tilsetjing i 50 % stilling ved særlege høve.
Den tilsette kan verte pålagt karrierefremjande arbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 690 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 700 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 725 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
- Relevante attestar
- Publikasjonsliste
- Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Halvor Sommerfelt, e-post: halvor.sommerfelt@uib.no, tlf.: +47 55588575’. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar (Thomas McGonagle Bentsen, e-post: thomas.bentsen@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.