Postdoktor i metallorganisk kjemi og berekraftig ammoniakksyntese
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i metallorganisk kjemi og berekraftig ammoniakksyntese
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell metallorganisk kjemi og berekraftig ammoniakksyntese. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Stillinga er finansiert av Norsk senter for forsking på hydrogenverdikjeder (HyValue), eit forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Forventa oppstart i stillinga er i første kvartal 2027.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ammoniakk er den viktigaste ingrediensen i produksjonen av kunstgjødsel og er òg ein svært lovande karbonfri energiberar. Ammoniakk blir produsert gjennom Haber-Bosch-prosessen, som krev høge temperaturar og trykk og nyttar hydrogen frå naturgass. Forskingsgruppa arbeider for å gjere ammoniakkproduksjonen meir berekraftig og miljøvennleg og utviklar katalysatorar og prosessar for syntese av ammoniakk direkte frå vatn og nitrogen. Meir overordna integrerer gruppa kvantekjemisk innsikt med eksperimentell forsking for å designe, syntetisere og evaluere nye katalysatorar i laboratoria våre. Postdoktoren skal bidra til denne breiare satsinga, med særleg vekt på elektrokjemi, elektrokatalyse og prosessutvikling. I tett samarbeid med prosjektgruppa skal postdoktoren studere den elektrokatalytiske bruken og regenereringa av Sm(II) og vurdere strategiar for resirkulering av molybdenkatalysatorar i reaksjonssystemet.
I dette reaksjonssystemet fungerer Sm(II) som reduksjonsmiddel og leverer elektrona som trengst for å redusere dinitrogen til ammoniakk. Under denne prosessen blir Sm(II) omdanna til Sm(III), og eit sentralt mål for prosjektet er å utvikle elektrokjemiske metodar for å regenerere Sm(II) frå Sm(III). Ved å oppnå effektiv elektrokjemisk regenerering av Sm(II) blir den samla omdanninga verkeleg elektrokatalytisk, noko som forklarer den sterke vektlegginga av elektrokjemi og elektrokatalytisk metodikk.
Vi søkjer ein svært motivert postdoktor med brei bakgrunn innan metallorganisk kjemi, syntese, katalyse og mekanistiske studiar, og med interesse for å bruke og vidareutvikle denne ekspertisen innan elektrokjemi og berekraftig ammoniakksyntese.
Den som blir tilsett, vil inngå i eit team som omfattar bachelor- og masterstudentar, ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Postdoktoren vil dermed få gode høve til både å få og gi rettleiing og til å utvikle leiareigenskapar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) i kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumentert erfaring innan følgjande område er eit krav:
- bruk av samariumdijodid (Kagans reagens) i kjemisk syntese.
- eksperimentell metallorganisk kjemi.
- Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:
- syntese av metallorganiske sambindingar.
- homogen katalyse.
- teknikkar for arbeid i inert atmosfære (til dømes hanskeboks).
- elektrokjemi og/eller elektrokatalyse.
- moderne analyseinstrument, inkludert innsamling og/eller tolking av data frå syklisk voltammetri og andre teknikkar (til dømes NMR, UV-Vis, FTIR, GC og elementanalyse).
- eksperimentelt og/eller berekningskjemisk mekanistisk arbeid med aktivering av dinitrogen.
- Den som blir tilsett, må ha:
- gode evner til kritisk tenking og skriftleg framstilling.
- evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig og til å samarbeide med andre.
- gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagde vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Kristine Spildo, e-post: Kristine.Spildo@uib.no, eller professor Vidar Remi Jensen, e-post: Vidar.Jensen@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.