Ph.d.-stipendiat i marin geomikrobiologi
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i marin geomikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Som følgje av global oppvarming gjennomgår Polhavet store endringar, og desse endringane vil uunngåeleg påverke karbonfluksen mellom overflatevatnet og havbotnen. Dette vil i sin tur påverke aktiviteten til mikroorganismane som lever i sedimenta. Den mikrobielle aktiviteten regulerer dei geokjemiske fluksane inn i og ut av havbotnen, og er dermed ein viktig faktor i den globale fordelinga av grunnstoff. Kor store desse endringane er, og kva konsekvensar dei vil få på kort og lang sikt, er likevel ikkje kjent.
Målet ditt som stipendiat vil vere å bidra til å talfeste kortsiktige og langsiktige effektar av variabel tilførsel av organisk karbon på mikrobiell aktivitet og mangfald i arktiske sediment. For å nå dette målet skal du utvikle eksperimentelle oppsett in-situ og kombinere geokjemiske målingar med molekylærmikrobiologiske metodar og bioinformatikk.
Stillinga er knytt til Polhavet2050, eit stort, tverrfagleg norsk forskingsprogram med ei varigheit på ti år, oppretta i 2026. Programmet samlar 18 norske forskingsinstitusjonar med mål om å forstå notida og framtida til Polhavet. Som stipendiat ved Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, vil du òg vere knytt til Senter for djuphavsforsking og forskingsgruppa Geokjemi og geobiologi.
Det er venta at kandidaten deltek på eitt eller fleire forskingstokt i løpet av prosjektperioden.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geomikrobiologi eller eit tilgrensande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.01.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring med molekylærmikrobiologiske metodar, t.d. DNA/RNA-ekstraksjon og sekvensering, og/eller bioinformatikk er eit krav.
- Erfaring med mikrobielle prosessar i sediment er ein fordel.
- Erfaring med geokjemisk modellering er ein fordel.
- Erfaring frå forskingstokt er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha godesamarbeidsevner.
- Søkjarar må vere motiverte for mobilitet og må kunne flytte til Noreg innan
tiltredingsdatoen. - Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar.
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Opptakskrav for ph.d.-programmet ved fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB.)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen, Senter for dyphavsforskning, Institutt for geovitenskap, e-post: steffen.jorgensen@uib.no, telefon: +47 41 62 60 55 eller professor Ingunn H Thorseth, Senter for dyphavsforskning, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.thorseth@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5