Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Stilling
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Åremål
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
35 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, skal bidra til å utvikle forsking som nyttar in-situ kosmogene nuklidar til datering av fjellskredhendingar og til undersøkingar av korleis landskap forma gjennom gjentekne nedisingar har utvikla seg. Målet med ph.d.-prosjektet er å kvantifisere og karakterisere nedarva kosmogene nuklidar i eksponeringsdatering av fjellskred. Ved å nytte fjellskredlokalitetar med uavhengig fastsett alder som naturlege laboratorium, skal kandidaten kombinere prøvetaking i felt, analyse av eksisterande og nye datasett for kosmogene nuklidar og enkel framovermodellering av produksjonen av kosmogene nuklidar før og etter fjellskred. Dette skal nyttast til å undersøkje korleis eksisterande nuklidar blir bevarte og overførte under sjølve skredhendinga. Resultata vil bidra til å gjere eksponeringsaldrar baserte på kosmogene nuklidar meir pålitelege og enklare å tolke, og til å gi ei betre forståing av historia til det innsamla bergmaterialet før skredhendinga.

Kandidaten vil bli ein del av eit aktivt forskingsmiljø innan kvartærgeologi, geomorfologi og geokronologi. Hovudrettleiar vil vere professor Henriette Linge, leiar av UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar ved Institutt for geovitskap. Førsteamanuensis Paula Snook ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, vil vere medrettleiar og bidra med ekspertise innan fjellskred og prosessar knytte til ustabile fjellsider.

Stillinga vil gi høve til å vidareutvikle kompetanse innan metodar baserte på kosmogene nuklidar, laboratoriegeokjemi, feltbasert geomorfologi, dataanalyse og framovermodellering. Stillinga vil også gi høve til å byggje nasjonale og internasjonale forskingsnettverk gjennom samarbeid, deltaking på konferansar og relevante forskingsopphald.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan kvartærgeologi, geokjemi eller eit liknande fagområde, eller ha levert masteroppgåva si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er krav om solid praktisk erfaring frå laboratoriearbeid som omfattar prøvepreparering og handtering av kjemikaliar. Søkjarar må kunne dokumentere erfaring med nøyaktig, trygg og sjølvstendig utføring av laboratorieprosedyrar, inkludert varsam handtering av prøvemateriale. 
  • Erfaring med preparering av prøver til analyse av kosmogene nuklidar eller tilsvarande geokjemiske eller paleomiljøfaglege undersøkingar er ein fordel.
  • Erfaring med mineralseparasjon frå bergartsprøver er ein fordel.
  • Erfaring med ICP-OES-analyse er ein fordel.
  • Erfaring med feltarbeid i ulendt og/eller bratt terreng er ein fordel.
  • Kompetanse innan framovermodellering er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er fire år, der 25 % av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Det karrierefremjande arbeidet knytt til stillinga vil i hovudsak bestå av laboratoriearbeid ved UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar. Arbeidet vil omfatte preparering av prøver frå både interne forskingsprosjekt og eksterne oppdrag, og inneber handtering av verdifullt prøvemateriale og bruk av farlege kjemikaliar. Den som blir tilsett, vil få opplæring i dei spesifikke laboratorieprosedyrane og tilhøyrande tryggleiks- og beredskapsrutinar.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Henriette Linge, Institutt for geovitskap, e-post: henriette.linge@uib.no, tlf. +47 55583528, eller førsteamanuensis Henk Keers, Institutt for geovitskap, e-post: henk.keers@uib.no, tlf. +47 55588748.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter