Overingeniør (mellombels stilling) – MAREANO Porifera
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som overingeniør i om lag seks veker, med moglegheit for forlenging avhengig av finansiering. Stillinga er finansiert gjennom MAREANO-programmet og er knytt til arbeid med djuphavsfauna i norske havområde.
Tiltreding er 1. januar 2027. Den som vert tilsett, vil arbeide med identifisering og biomasseestimering av marin fauna innan dyregruppa svampar (rekkje Porifera).
Arbeidsoppgåver:
- Taksonomisk identifisering av svampar frå MAREANO-tokta 2023001009, 2024007003 og 2024001021
- Utveljing av representativt materiale for DNA-strekkoding
- Opparbeiding av kvantitative data for tal på individ og registrering av våtvekt per identifisert art eller takson
- Rapportering av resultat til MAREANO
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i marinbiologi, marin zoologi eller tilsvarande relevant fagområde
- Evne til å arbeide sjølvstendig og levere resultat innan korte tidsfristar
- Søkjarar må ha grundig taksonomisk kompetanse og god kjennskap til dyregruppa svampar frå Nord-Atlanteren og Arktis
- Detaljert kunnskap om spesialteknikkar som er viktige for identifisering og dokumentasjon av svampar, til dømes produksjon av permanente spikelpreparat
- Erfaring med kuratering av museumssamlingar og registrering av materiale i samlingsdatabasar
- Erfaring frå arbeid med MAREANO-materiale eller andre marine kartleggingsprogram er ein fordel
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, moderne laboratorium med varierte forskingsaktivitetar og omfattande vitskaplege samlingar
- Løn som overingeniør (kode 1087) I årsløn kr 642 000 - 665 000 brutto, etter kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Ei stilling i ei inkluderande verksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Senioringeniør Jon Anders Kongsrud, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Jon.kongsrud@uib.no, mobiltelefon +47 41123948, eller instituttleiar Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, mobiltelefon: +47 407 26 194.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknaden må innehalde:
- Eit søknadsbrev (maks. 1 side) som skildrar motivasjonen din for å arbeide med prosjektet
- Ein CV (maks. 2 sider) med personopplysningar, kvalifikasjonar og arbeidserfaring, inkludert ei liste over relevante vitskaplege arbeid
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
- Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført høgare utdanning
- Relevante attestar/referansar
Søknaden og vedlegga, med stadfesta omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, skal lastast opp via Jobbnorge.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.