Informasjonssikkerheitsleiar

Stilling
Informasjonssikkerheitsleiar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Informasjonssikkerheitsleiar (seniorrådgjevar)

Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen 

Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB ny Informasjonssikkerheitsleiar. Vi ser etter ein person som kan leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern, vere ein ambassadør for informasjonssikkerheit i organisasjonen og bidra til å styrke vår kompetanse på området. UiB har dei siste fire åra gjennomført ei betydeleg styrking av arbeidet med informasjonssikkerheit. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du få ei sentral rolle i å vidareføre og vidareutvikle dette arbeidet i takt med endra trusselbilete og aukande krav til digital tryggleik.

Om IT-avdelinga 

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 135 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling. UiB har sentralisert drift og teknisk forvaltning av IT-tenestene i tett samhandling med heile UiBs organisasjon. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4000 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her.


Arbeidsoppgåver:

  • Leie arbeidet med informasjonssikkerheit inkludert IT-sikkerheit ved UiB og være IT direktørens rådgivar
  • Leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern. Gruppa består av 8 tilsette inkludert leiar
  • Følgje opp informasjonssikkerheit både innan etterleving av relevante lovar, reglar og retningslinjer, beskyttelse av våre system, infrastruktur og data, deteksjon av hendingar og oppfølging av desse, samt beredskaps- og informasjonsarbeid
  • Se til at UiBs arbeid med informasjonssikkerheit er i samsvar med «beste praksis», under dette etterleving av NSMs «Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet» og ISO 27001
  • Utarbeide rutinar, reglement og planar og utføre generell sakshandsaming innanfor sikkerheitsområdet
  • Skapa gode haldningar og syta for kompetanseutvikling innanfor IT-sikkerheit ved avdelinga og det resterande UiB

Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innan relevant fagområde. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning
  • Relevant erfaring frå leiing eller erfaring frå koordinering av faglege team
  • Kompetanse innanfor informasjonsteknologi og personvern, samt brei kjennskap og forståing til heile fagområdet
  • Kjennskap til lovverk og forskrifter innan informasjonssikkerheit
  • God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring med å handsame hendingar innan IT-sikkerheit og å delta i beredskapsarbeid vil vere ein fordel
  • Erfaring frå eller god forståing av universitets og høgskulesektoren vil vere ein fordel
  • Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELIG (sjå nsm.no)

Vi søkjer ein person som er:

  • Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar 
  • Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon 
  • Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 
  • Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse 
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 850 000  - 1 050 000  i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, tlf: 91715378), eller IT-direktør Tore Burheim (tore.burheim@uib.no, tlf: 915 83 860).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter