Førsteamanuensis i allmennmedisin (20% ekstraerverv)

Stilling
Førsteamanuensis i allmennmedisin (20% ekstraerverv)
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Åremål
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. des.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAb

Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i allmendisin 

Ved Det medisinske fakultet er det ledig en åremålsstilling som førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i allmennmedisin i fire (4) år ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, knytt til Vestlandlegen, med arbeidsplass Campus Stavanger.

Stillinga er knytt til relevant stilling som allmennlege/lege i primærhelsetenesta (minimum 50 %). Vi søker etter ein lege med bred klinisk erfaring frå arbeid som fastlege eller sjukeheimslege.

Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige lege-kollegaer. Undervisinga er først og fremst knytt til profesjonsstudiet i medisin, nærare bestemt Fagområdet for allmennmedisin (FAM). Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet. Stillinga gir moglegheit for eiga forsking


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervise og rettleie studentar
  • Ta del i utvikling av studiekvalitet, til dømes implementering av nye læringsformer.
  • Administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
  • Drive forsking innan relevante fagområde
  • Ta del i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar
  • Rettleiing av studentar på master- eller phd-nivå kan inngå i stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar må:

  • ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse,
  • vere lege (cand.med) og ha spesialitet i allmennmedisin
  • fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan fire år frå tilsetjing.

Det er ei føremon om søkjarar har:

  • erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanninger
  • erfaring frå studiekvalitetsarbeid
  • forskingsverksemd utover doktorgradsarbeidet 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.  


Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og planar for eiga forsking
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring sin veileder for pedagogisk mappe 
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar


Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til  professor og leiar for Fagområde for allmennmedisin Øystein Hetlevik (E-post: oystein.hetlevik@uib.no) tlf. 90077175. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen (E-post: thomas.bentsen@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter