Fadder- og mangfaldskoordinator (mellombels)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Fadder- og mangfaldskoordinator (75 %-stilling)
Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia. Veka er ei innhaldsrik med mange ulike aktivitetar og arrangement. Studentgruppa er mangfaldig, og vi er opptekne av at aktivitetane som blir planlagde i velkomstveka treff ulike studentgrupper og legg til rette for ei inkluderande start på studia. Aktivitetane i velkomstveka skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med kvarandre, universitetet, og med studentbyen Bergen.
Vi lyser ut ei 75 % stilling som fadder- og mangfaldskoordinator. Stillinga er mellombels og tilsetjingsperioden strekker seg frå november 2026, og ut august 2027. Koordinatoren skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka blir godt ag at det legg til rette for dette og for at alle nye studentar blir godt inkluderte i studiemiljøet sitt, både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver:
- Legge til rette for eit breitt tilbod av aktivitetar, og inkluderande fellesarrangement i velkomstveka som retter seg mot ei mangfaldig studentgruppe
- Vere med å utforme eit program for velkomstveka som legg til rette for at alle studentar kan delta og føler seg inkludert
- Arrangere fadderkurs og sikre god opplæring og innføring i rolla som fadder for nye studentar
- Ha tett kontakt med leiinga og dei studenttillitsvalte både sentralt og på fakulteta
- Vere kontaktpunkt for koordinatorar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen, og for arrangement i samarbeid med andre institusjonar
- Bidra i arbeidet med studentkommunikasjon
- Planlegge og gjennomføre ein introdag for nye studentar hausten 2027
- Følgje opp tiltak som studiestasjon og språkkafé i samarbeid med Universitetsbiblioteket
Det skal skrivast ein kort rapport frå arbeidet. Sidan arbeidet med velkomstveka er i utvikling, kan arbeidsoppgåvene endre seg som følgje av dette.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fersk kjennskap til studentlivet og høgare utdanning
- Kunnskap om, og erfaring med inkludering- og mangfaldsarbeid
- Relevant utdanning
- Erfaring frå studentfrivilligheit, prosjekt eller organisasjonsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring med utvikling og gjennomføring av kurs er ein føremon
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevner
- Systematisk, metodisk og strukturert
- Service- og løysingsorientert haldning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
- Engasjement for feltet
Ved vurdering av søkarane, vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
- Interessante utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 612 000 – 660 000 tilsvarande 100% stilling, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studieavdelinga på UiB v/ Konstituert seksjonsleiar Martin Kahrs Lie martin.lie@uib.no, tlf: 55585114 eller seniorrådgjevar Iren Igesund iren.igesund@uib.no, tlf: 55589483.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.