Avdelingsingeniør (vikariat) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Avdelingsingeniør (vikariat) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør i 100 % stilling for ein periode på 1 år, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
- Klargjering av operasjonsrom og laboratoria knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik
- Delta i planlegging og gjennomføring av kurs i kirurgi i samarbeid med veterinær
- Kvalitetssikringsarbeid knytt til kurs i kirurgi og dyreforsøk
- Stell og tilsyn av dyr.
- Prøvetaking og laboratoriearbeid
- Delta i opplæring av avdelinga sine brukarar
- Bistå avdelinga sine brukarar med gjennomføring av dyreforsøk
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i både dyr og folk, og med interesse for forsking og undervisning.
- Søkjarar med autorisasjon som dyrepleier eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke vil bli prioriterte. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Søkjar må være fagleg dedikert
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.
- Stillinga krev evne til å kommunisere godt med studentar og forskarar, samt bidra i undervisning på begge språk.
- Søkjar må vere fleksibel og kunne delta i avdelinga sine rullerande helge- og beredskapsvakter.
- Søkjar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
Vi søkjer ein person som
- har evne til å utføre arbeidet nøyaktig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- er serviceinnstilt, imøtekomande og løysingsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn er for tida kr 580 000 - 600 000 (kode 1085, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 600 000 - 650 000 (kode 1085, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leder av avdelinga professor Lise Madsen på e-post: Lise.Madsen@uib.no eller veterinær Suzanne Brandt på e-post: Suzanne.Brandt@uib.no ).
For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Iris Walle på e-post: iris.walle@uib.no
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).