Ledig 100% stilling som lærar ved Brakanes skule.

Stilling
Lærar
Lokasjon
Ulvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. des.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

 

Vil du bli vår nye lærar på Brakanes skule i Ulvik?

100 % vikariat – lærar / spesialpedagog

Har du eit engasjement for læring, inkludering og gode relasjonar? Brenn du for å skape eit trygt og godt læringsmiljø der alle elevar opplever meistring og tilhøyrsle? Då kan du vere den me ser etter!

Me søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31. juli 2027.

Skulen vår er ein 1.–10.-skule med om lag 125 elevar. Vi er ein oversiktleg skule der gode relasjonar, tett samarbeid og eit inkluderande fellesskap står sentralt. Vi arbeider målretta med å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane våre.

Våre satsingsområde er:

  • Inkludering og tilpassa opplæring
  • God klasseleiing
  • Eit trygt og positivt klasse- og læringsmiljø

Me søkjer deg som:

  • Har godkjend lærarutdanning og undervisningskompetanse.
  • Har interesse for og god forståing av spesialpedagogikk, gjerne med vidareutdanning innan fagområdet.
  • Er ein tydeleg og trygg klasseleiar.
  • Er god på å byggje relasjonar og skape tillit hos barn og unge.
  • Har eit inkluderande elevsyn og ser moglegheiter og ressursar hos den enkelte eleven.
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med kollegaer, elevar og føresette.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og engasjert i utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning.
  • Arbeide for eit inkluderande læringsfellesskap der alle elevar får oppleve meistring og utvikling.
  • Bidra til god klasseleiing og eit trygt og godt klassemiljø.
  • Følgje opp elevar med behov for særskild tilrettelegging og spesialpedagogisk støtte.
  • Delta aktivt i samarbeid og utviklingsarbeid ved skulen.

Me kan tilby:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Moglegheit til å påverke og bidra i utviklinga av skulen.
  • Tett samarbeid rundt elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte.

Spesialpedagog kan også vere aktuell for stillinga. Vi ønskjer å kome i kontakt med søkjarar som har relevant kompetanse og eit sterkt engasjement for inkluderande praksis og gode oppvekst- og læringsvilkår.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og på korleis du kan bidra positivt i fellesskapet vårt.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Åshild Søvik Underdal
Kommunalsjef oppvekst
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter