Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Stålutrustning i Ulstein!

Stilling
Disiplinleiar stål / stålutrusting
Lokasjon
Ulsteinvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles.

Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien.

Er du klar for å bli Disiplinleiar Stål/ stålutrustning i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!


Oppgåver du vil jobbe med

  • Ta leiinga for ditt fagfelt i prosjektet
  • Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma
  • Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen
  • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg 
  • I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag  
  • Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag
  • Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar
  • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
  • Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet
  • Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet

Kunnskap og erfaring vi ser etter

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.           

Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

  • Gode utviklingsmuligheiter
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagleg miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Kontaktinformasjon

Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, 91 58 10 13
Ole Osnes Gjerde, Production Manager, 99 59 71 75

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5192913456
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktpersoner
Ole Osnes Gjerde
Production Manager
Stig Slettebakk
Department Manager Outfitting & Steel
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter