Ringevikar ved Jondal skule

Stilling
Ringevikar ved Jondal skule
Lokasjon
Jondal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
31. des.
Få påminnelse
56 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ringevikar ved Jondal skule

 

Jondal skule søkjer ringevikarar til skule og SFO

Oppstart etter avtale  

Informasjon om skulen

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har 127 elevar, og  eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette,  som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane. 

 

Me treng fleksible ringevikarar som kan stille på både på kort og lengre varsel.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • gjennomføra undervisning etter planar laga av faglærar (når vikar for lærar)

  • undervisning i klassar, lita grupper eller enkeltelevar (når vikar for lærar)

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen 

  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel 

  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet 

  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette 

  • praktiske oppgåver knytt til kvardagen i skule og på SFO.

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • fordel med fullført vidaregåande opplæring, fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar eller pågåande/fullført lærar-/pedagogutdanning

  • erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne skule og SFO 

  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg B2

  • må legge fram godkjent politiattest

 

Me ser etter deg som: 

  • likar å arbeida med barn og unge 

  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar 

  • er sjølvstendig og fleksibel 

  • likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar

  • har gode samarbeidsevner 

  • er robust, omsorgsfull og tolmodig 

  • er løysningsorientert og initiativrik 

   

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna. 

 

Me tilbyr: 

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 

  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer 

  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo 

  • Lønn etter hovudtariffavtalen 

 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter