50% stilling som spesialpedagog / barnehagelærar i Eidesåsen friluftsbarnehage

Stilling
50% stilling som spesialpedagog / barnehagelærar i Eidesåsen friluftsbarnehage
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. des.
Få påminnelse
30 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ullensvang kommune har ledig 50% fast stilling frå 5.januar 2027 som spesialpedagog/barnehagelærar i Eidesåsen friluftsbarnehage. Om mogeleg kan denne kombinerast med stilling i andre barnehagar.

 

Eidesåsen friluftsbarnehage er ein to-avdelings barnehage med 42 plasser. Barnehagen ligg på ein naturplass 3 km unna sentrum, med ein småbarnsavdeling fra 1-3 år og ein stor avdeling fra 3-6 år. 

Eidesåsen friluftsbarnehage har natur og friluftsliv som satsingsområdet, dette har vi hatt siden oppstart av barnehagen i 1991. Barnehagen har profil som friluftsbarnehage. Vårt arbeid tek utgangspunkt i natur og friluftsliv, vi er mykje ute og på tur.

Våre verdier bygger på respekt, mangfold, likeverd og likestilling.

Vi legger til rette for trivnad, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd og førebyggjer krenking og mobbing.

 

Vår visjon er:

“Opplev venskap og naturglede saman med oss”

 

Som spesialpedagog har du ansvar for:

  • Å leggja til rette for tidleg innsats og arbeid med barn/grupper som har spesielle behov. Dette i samarbeid med einingsleiar/styrar og pedagogisk leiar

  • Å arbeida med tidleg innsats og spesialpedagogiske tiltak i barnegruppene

  • Å vera eit mellomledd mellom pedagogisk leiar, hjelpeteneste og barnehage, i samarbeid med styrar 

  • Utføring av vedtak/spesialpedagogiske timar for einskildbarn

 

Som barnehagelærar har du ansvar for:

  • Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • Å medverka til eit godt arbeidsmiljø

  • Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • Å ha eit tett samarbeid med pedagogisk leiar rundt planlegging av innhald, enkeltbarn, dokumentasjonar, foreldresamarbeid mm.

  • At barn med særskild behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet

  • Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga

  • Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning

  • Videreutdanning i spesialpedagogikk

  • Anna relevant kompetanse som fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og evt anna fagskolekompetanse vert vurdert.

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.


Personlege eigenskapar:

  • Ha kjennskap til og interesse for friluftsliv og aktivitetar i skog og mark

  • Trivast med å vere mykje ute, drive med friluftsliv, og vere i leik og aktivitet med barna 

  • Ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Vera ein synlig og tydeleg, men mild, vaksen i barnegruppa

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera til stades og ha fokus på kvalitet


Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men positivt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)

  • Gode høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen


Krav:

  • Politiattest 

  
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter