100% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule

Stilling
100% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule
Lokasjon
Kinsarvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Det er ledig  100% vikariat  som lærar ved Kinsarvik skule frå 01.11.2026-31.07.27 med mogeleg  vidare engasjement etter vikarperioden.

 

Me treng lærar med utdanning i mellom anna norsk, norsk som andrespråk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og spesialpedagogikk m.m.Då skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule kan stillinga bli knytt opp til både barne- og ungdomstrinnet.  

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til omlag 150 flotte elevar!

 

Om skulen

 

Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 151 elevar i dag, og   42 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

 

Skuleleiinga består for tida av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 100% merkantil ressurs.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse

  • Eitt eller fleire av faga norsk, norsk som andrespråk, engelsk, naturfag, musikk, spesialpedagogikk.

  • Gode IKT kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som :

  • Trivst i lag med barn og ungdom

  • Er ein god klasseleiar

  • Er sjølvstendig

  • Har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

  • Ullensvang kommune har gode rekrutteringstilskot til nytilsette lærarar

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter