100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
Verksemdsleiar - Omsorgstenesta Aust
Arbeidsstad: Kinsarvik
Stillingsstorleik: 100 % fast stilling
Vil du vere med og forme framtidas omsorgstenester i Ullensvang kommune?
Me søkjer ein trygg, tydeleg og engasjert verksemdsleiar til Omsorgstenesta Aust i Kinsarvik.
Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med å kombinere dagleg drift med langsiktig og strategisk arbeid. Du får høve til å leie dyktige medarbeidarar, sikre gode tenester og vere med på å forme omsorgstilbodet i åra som kjem.
Omsorgstenesta Aust er ei samordna verksemd som omfattar både sjukeheim og heimebaserte tenester, med om lag 60 tilsette. Verksemda er organisert med to avdelingsleiarar, som saman med verksemdsleiar utgjer den lokale leiinga.
Som verksemdsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, kvalitet, økonomi, drift og personal. Du rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Som del av leiargruppa vil du også bidra til den samla retninga for helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Ei viktig oppgåve framover er realiseringa av nye Bråvolltunet. Som verksemdsleiar vil du få ei aktiv rolle i prosjektet og høve til å påverke meir enn sjølve bygget. Du vil bidra til korleis me organiserer tenestene, nyttar kompetansen og legg til rette for gode arbeidsformer og tenester. Me ser etter ein leiar som ønskjer å vere tett på denne utviklinga og som klarer å få medarbeidarane med seg på vegen.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
Som verksemdsleiar vil du mellom anna:
ha overordna ansvar for fag, kvalitet, økonomi og personal
leie verksemda saman med avdelingsleiarane
sikre gode, forsvarlege og samordna tenester til brukarane
sikre god økonomistyring og best mogleg bruk av ressursane
arbeide systematisk med kvalitet, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring
arbeide strategisk med rekruttering, kompetanse og sterke fagmiljø
sikre god samhandling internt i helse- og omsorgstenesta og med brukarar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar
bidra aktivt i kommunalsjefen si leiargruppe og i den samla utviklinga av helse- og omsorgstenestene
følgje opp ansvar og oppgåver i samsvar med kommunen sitt delegasjons- og økonomireglement
ha ei sentral rolle i planlegginga og realiseringa av nye Bråvolltunet
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse- og omsorgsfag
relevant leiarerfaring
god forståing for økonomi, drift og personalleiing
kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester og relevant lovverk
god digital kompetanse
gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har:
leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester
erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
erfaring med prosjektarbeid, organisasjonsutvikling eller utvikling av nye tenestemodellar
Anna relevant utdanning og erfaring kan bli vurdert.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som er trygg i leiarrolla og evnar å vere tydeleg når det trengst. Du byggjer tillit, involverer medarbeidarane og legg til rette for at kompetansen i organisasjonen vert brukt på ein god måte.
Me legg særleg vekt på at du:
inkluderer og skaper gode relasjonar
skaper engasjement og legg til rette for læring og utvikling
ser heilskap og kan tenkje både strategisk og langsiktig
er nysgjerrig på nye løysingar og ser moglegheiter i endring
tek initiativ, prioriterer og har god gjennomføringsevne
arbeider strukturert og målretta
kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og tenester
står stødig i ein kompleks kvardag og evnar å ta avgjerder
Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Kvifor velje denne stillinga?
Hos oss får du ei leiarstilling med både ansvar og påverknadskraft. Du får leie ei viktig teneste i det daglege, samtidig som du får høve til å setje preg på nye Bråvolltunet og korleis omsorgstenestene på Aust skal organiserast framover.
Me tilbyr:
ei spanande og sentral leiarstilling med stort handlingsrom
samarbeid med dyktige avdelingsleiarar og engasjerte medarbeidarar
deltaking i kommunalsjefen si leiargruppe
eit fagområde i utvikling, med varierte og meiningsfulle oppgåver
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
løn etter lokal avlønningsmodell for leiarar
fleksibel arbeidstid
gode pensjons-, forsikrings- og permisjonsordningar
Andre krav
politiattest i samsvar med gjeldande lovverk må leggjast fram før oppstart
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her