80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal

Stilling
80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

80 % vikariat som personleg assistent (BPA) i Tyssedal – med moglegheit for forlenging


Er du på utkikk etter ein meiningsfull og aktiv jobb? Vi søkjer no ein trygg og engasjert person til eit 6-månaders vikariat i 80 % stilling med moglegheit for forlenging.. For den rette kandidaten er vi fleksible på stillingsstorleik, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ønskjer å jobbe anna stillingsstorleik. 

Vi søkjer ein assistent for ein blid, nysgjerrig og aktiv vaksen mann på 18 år i Tyssedal. Han bur for seg sjølv i ein eigen tilrettelagd bustad, og har behov for tett oppfølging og støtte. Du vil bli ein sentral del av hans kvardag for å bidra til eit godt og sjølvstendig liv, både i heimen og ute på aktivitetar.


Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: 80 % (Vi er svært fleksible og vil strekkje oss langt for å imøtekome dine ønskje dersom du ønskjer ein annan stillingsprosent).

  • Varigheit: 6 månader i første omgang, med gode moglegheiter for forlenging.

  • Oppstart: Snarast / etter avtale.

  • Arbeidstid: Turnus med langvakter på dag og/eller natt. Arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga.


Kva inneber jobben? Som personleg assistent er du med på å leggje til rette for eit aktivt og sosialt liv. Han elskar fysisk aktivitet og gode opplevingar, og dine oppgåver vil mellom anna vere:

  • Aktivitet: Delta på symjing, sykling, turar og treningssenter.

  • Sosialt: Følgje til kino, fritidsaktivitetar og sosiale hendingar.

  • Meistring og struktur: Bidra til tryggleik og gode rutinar i kvardagen, inkludert praktiske gjeremål i bustaden.

  • Samarbeid: Jobbe tett med arbeidsleiar og det øvrige teamet for å sikre best mogleg oppfølging.


Kven er vår ideelle kandidat?
Vi ser etter deg som er i god fysisk form og som trivst med å jobbe tett på menneske. Du treng ikkje helsefagleg utdanning, då personleg eignaheit og god kjemi veg tyngst. Full opplæring vil bli gitt, slik at du kjenner deg trygg i arbeidsoppgåvene.

Vi søkjer deg som:

  • Er trygg, stabil og pliktoppfyllande.

  • Har godt humør og er løysingsorientert.

  • Har førarkort klasse B (ønskeleg).

  • Snakkar godt norsk.

  • Kan handtere ein variert kvardag og halde deg roleg i ulike situasjonar.


Kvifor søkje hos oss?

  • Ein stabil og meiningsfull jobb kor vi kan tilpasse stillingsprosenten etter dine behov.

  • Moglegheit for lengre arbeidsforhold for den rette personen.

  • Ein aktiv arbeidskvardag fylt med varierte oppgåver og opplevingar.

  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.


Praktisk informasjon:

  • Arbeidsstad: Tyssedal.

  • Politiattest: Krav om gyldig politiattest før tilsetjing.


Vi vurderer søknader fortløpande og ønskjer å ha på plass rett person så raskt som mogleg.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter