Ansatte
5
Etablert
2022
Hovedkontor
Tysse

TYSSE LANDHANDEL AS

Tysse Landhandel er ein lokalt eigd nærbutikk på kaien på historiske Ytre Tysse -- tusenårsstaden i Samnanger. Me ønskjer å vera eit godt og tilgjengeleg handelstilbod for bygda, og samtidig bidra til aktivitet og utvikling i lokalsamfunnet. Butikken tilbyr daglegvarer og lokale produkt og kombinerer personleg service med ei moderne sjølvbetent butikkløysing frå Liberty Now (Mat-Norge). Det gir kundane høve til å handla frå tidleg morgon til midnatt, også utanom bemanna opningstid. I tillegg leverer me mat og middagar til anleggsverksemd, samt lunsj, snittar og andre bestillingar til kommunen, private verksemder og lokale kundar. Butikken er ein del av Snarkjøp Gruppen, men er lokalt eigd og har stor fridom til å tilpassa sortiment og tilbod til kundane og nærmiljøet. Tysse Landhandel AS er eit aksjeselskap med eit ideelt, sosialt og lokalt føremål. Verksemda skal drivast på ein sunn og berekraftig økonomisk måte, men det blir ikkje betalt utbytte til eigarane. Eventuelle overskot går tilbake til verksemda og blir brukt til å vidareutvikla butikken og skapa nye tilbod i lokalsamfunnet.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter