Sjukepleiar 100%
Me søker ny kollega!
Tysnes kommune har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar ved Tysnes omsorgssenter. Vi jobbar i årsturnus med to-delte vakter og i snitt arbeid kvar 3.helg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Såto og Nuten - den som blir tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov.
Tysnes omsorgssenter held til i lyse og moderne lokale i eit bygg frå 2017. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. God pasientomsorg blir skapt når man har fokus og kvalitet på tenesta. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.
Vi har meiningsfulle arbeidsoppgåver som gir verdifull erfaring. Synes du dette høyres spennande ut og ønsker ein jobb der kompetansen din betyr mykje, så er du velkommen til å søke hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
- Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter.
- Lage og følge opp pleieplanar og prosedyrar.
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
- Pårørandesamarbeid.
- Dokumentasjon i CosDoc.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, og som gjerne har relevant vidareutdanning.
- Erfaring med og kjennskap til brukergruppen er en fordel.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
- Gode grunnleggande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved ei eventuell tilsetting må du legga fram:
- Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetting. Det betyr at du får blant ei av dei beste pensjonsordningane i Norge og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, når Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.