Kulturskulelærar i piano og korps

Stilling
Kulturskulelærar i piano og korps
Lokasjon
Uggdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og skape musikkglede og meistring for barn og unge på Tysnes?

Frå 01.02.2027 har Tysnes kulturskule ledig undervisningsstilling i inntil 65 prosent, primært innan piano og korps. Stillinga kan delast i to og kan kombinerast med stillinga som kulturskulerektor.

Tysnes kulturskule har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument.  I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.

Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader. 

Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. 


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning innan musikk.
  • Motivere elevar og bidra til eit trygt og inspirerande læringsmiljø.
  • Samarbeide med elevar, føresette og kollegaer.
  • Forestillingsarbeid og aktiv deltaking i tverrfaglig prosjekt.
  • Bidra til fagleg utvikling i kulturskulen.

Kvalifikasjonar

Vi ønsker at du har:

  • Utdanning i rytmisk musikk eller anna relevant musikkutdanning frå høgskule/universitet. 
  • Pedagogisk utdanning i grunnutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskrav.
  • Relevant erfaring frå musikkundervisning er ein fordel.
  • Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon.
  • Grunnleggande IT-kunnskaper, og evne og interesse for å tileigna seg kunnskap innan teknologi.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.

Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med elevar, føresette og kollegaer.
  • arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å gjennomføre oppgåver.
  • motiverer elevane og skaper engasjement.
  • er ein tydeleg klasseleiar og ein god relasjonsbyggjar.
  • held deg fagleg oppdatert og nyttar handlingsrommet som kulturskulelærar.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Vi tilbyr

Hos oss får du ei spennande og utfordande stilling i eit kreativt og dynamisk miljø. du får mulighet til å påverke og utvikle kulturskulen sine tilbod innan piano og korpsmusikk, samarbeide med dedikerte kollegaer i eit profesjonelt læringsfellesskap og i gode undervisningslokale.

Stillinga er lønsplassert i sentralt løns- og stillingsregulativ. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

Dersom stillinga skal kombinerast med kulturskulerektor, blir heile stillinga lønsplassert i kapittel 3. Det blir gitt løn etter avtale, samt årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktpersoner
Hildegunn Sørfonn
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter