Kulturskulelærar dans og teater
Kultur er kult!
Tysnes kulturskule søker etter ein engasjert og dyktig teater- og danselærar i 50 % stilling, til å bli ein del av vårt kreative team. Stillinga er eit vikariat for perioden frå 01.01.2027 til og med 30.09.2027
Som lærar innan teater og dans vil du ha ei sentral rolle i å inspirera og rettleia elevane våre innan ulike dansestilar og teater, samt bidra til å skapa eit inkluderande og stimulerande miljø for læring og utfalding.
Tysnes kulturskule har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Me held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der me har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at me skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling, og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning for elevar i ulike aldersgrupper og nivå.
- Undervisa i ulike dansestilar og /eller teater.
- Utvikla undervisningsopplegg og koreografier som utfordrar og inspirerar elevane.
- Bidra til forestillingar, førestillingsproduksjonar og andre arrangement ved kulturskulen.
- Samarbeida tett med kollegaer og leiing for å sikra høg kvalitet på undervisninga og eit godt læringsmiljø.
- Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Erfaring med undervisning i dans og/eller teater.
- Evne til å utarbeida og tilpassa eit undervisningsopplegg for målgruppa.
- Relevant pedagogisk undervisnings-/produksjonserfaring.
- Kompetanse til å inkludera elevar gjennom tilpassa undervisning.
- Norsk språknivå tilsvarande B1 (gjeld dersom anna morsmål enn skandinavisk).
Prøveundervisning kan bli aktuelt før tilsetting.
Det er ønskjeleg at du har:
- Høgare kunstfagleg utdanning eller faglærarutdanning innan dans/teater.
- Praktisk pedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
- Førarkort kl.b og høve til å disponera eigen bil.
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.
Personlege eigenskapar
Vi søkeer etter deg som:
- er glad i å undervisa barn.
- har evna til å formidla danse- og bevegelsesglede eller teater.
- evnar å la elevane få utfalda seg slik at dei opplev meistring og glede.
- er trygg i rolla og samstundes skapar eit trygt læringsmiljø.
- er påliteleg, fleksibel og sjølvstendig.
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor du skal jobba hos oss
Hos oss vil du få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Søknadsprosess
Me ber om at søkjarar nyttar vårt elektroniske søknadsskjema og fyller ut søknaden så fullstendig som mogleg, samt legg ved attestar og vitnemål.
Offentleg søkjarliste:
Tysnes kommune praktiserar prinsippet om meiroffentligheit. Offentleg søkjarliste vil normalt innehalda namn på samtlege søkjarar. Det må føreligga tungtveiende grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Politiattest:
Gyldig politiattest må fram før tiltreding for stillingar der det er påkrevd iht. lovverk.
Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Me oppmodar til å bruka Vitnemålsportalen. Utdanning utført utanfor Norge må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenninga må dokumenteras.