Helsefagarbeidar - Tysnes omsorgssenter
Me søker deg med eit varmt engasjement for eldre- og demensomsorg!
Vi søker etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling, arbeidstid for tida på dag/kveld med arbeid i snitt kvar 3.helg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Fjorden og dagsenteret. Den som blir tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov.
Tysnes omsorgssenter held til i lyse og moderne lokale i eit bygg frå 2017. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. God pasientomsorg blir skapt når man ar fokus og kvalitet på tenesta. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.
Vi har meiningsfulle arbeidsoppgåver som gir verdifull erfaring. Synes du dette høyres spennande ut og ønsker ein jobb der kompetansen din betyr mykje, så er du velkommen til å søke hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Utføre observasjoner, pleie og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov.
- Administrere medisiner og utføre medisinske prosedyrer etter delegasjon fra sjukepleiar.
- Delta i dagleg tilrettelegging av aktiviteter.
- Fungere som primærkontakt for bebuarar og ha kommunikasjon med pårørande.
- Delta i utarbeiding, implementering og evaluering av individuelle tiltaksplanar.
- Rettleie, undervise og informere bebuarar, pårørande, studentar og lærlingar.
- Være oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid.
- Arbeider fagleg i tråd med institusjonen sine mål og retningslinjer, og i samråd med avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Ønskeleg med videreutdanning innan demens, palliasjon, alderspsykiatri, aktiv omsorg.
- Arbeid innan demensomsorg er ønskeleg.
- Førarkort klasse B
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best tenester!
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Gode grunnleggjande datakunnskapar.
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- har pågangsmot, løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.