Einingsleiar - legekontor og legevakt

Stilling
Einingsleiar legekontor
Lokasjon
Uggdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere vår einingsleiar for legetenesta?

Tysnes kommune søker ein engasjert og tydeleg einingsleiar for legetenesta. Stillinga har ei nøkkelrolle i å sikre og videreutvikle gode legetenester for innbyggarane våre.

I stillinga som einingsleiar har du det overordna ansvaret for forsvarleg og effektiv drift at legekontoret i samsvar med gjeldande plan- og avtaleverk.

Eininga består av to sjukepleiarar og fire legar inklusiv LIS-lege. Som einingsleiar får du ei nøkkelrolle i å leie og utvikle tenesta og bygge eit godt fagleg og samansveisa team. Du har det totale ansvaret for drift av avdelingen, inkludert fag, økonomi og personell, og skal bidra til at avdelinga levererer tenester av god kvalitet. Rolla inneber å vere ein tydeleg leiar som skaper struktur, legg til rette for samarbeid og driv utvikling framover. Det medisinskfaglege ansvaret ligg til kommuneoverlege. 

Stillinga som einingsleiar ligg administrativt under kommunalsjef for helse og omsorg.  I stillinga inngår både leiing og daglege arbeidsoppgåver ved legekontoret.

Startdato etter avtale.


Kva stillingen går ut på

  • Drifts-, økonomi, kvalitets- og personalansvar for eininga.
  • Kombinere langsiktig arbeid med operativ oppfølging og dagleg forvaltning.
  • Sikre god økonomistyring og bidra i budsjettarbeid. 
  • Inngå i dagleg drift av legekontoret, både på lab, i kliniske og i administrative oppgåver.
  • Vere pådrivar for kvalitetsarbeid, HMT og kontinuerlig forbetringsarbeid.
  • Bidra til utvikling av gode pasientforløp og samarbeid både internt og eksternt.
  • Sikre god informasjonsflyt i organisasjonen og vareta partssamarbeidet.
  • Sakshandsaming og førebuing av politiske saker.

Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga ut frå søkjar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov.


Kvalifikasjoner

  • Helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis sjukepleiar eller bioingeniør. Anna kompetanse kan vurderast.
  • Minst to års erfaring frå pasientretta arbeid. 
  • Leiarerfaring/-kompetanse er ønskeleg.
  • God økonomi- og systemforståing.
  • Kjennskap til spesialist- og/eller kommunehelseteneste og kommunale legetenester.
  • God evne til å sette deg inn i lovverk og utarbeide planverk.
  • God kompetanse i digitale verktøy (EPJ, økonomi og kvalitetssystem).
  • Gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter og framstillingsevne.

Ved ei eventuell tilsetjing må du legga fram: politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.


Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein open og tydeleg, engasjert og målretta leiar, som evnar å jobba strategisk og heilskapleg, og er rask å setja seg inn i ulike problemstillingar. I tillegg er du

  • god til å samarbeide og har gode kommunikasjonsevner.
  • strukturert og analytisk.
  • tydeleg, beslutningsdyktig og har evne til å prioritera.
  • god på å motivera andre og utvikla kompetente medarbeiderar.
  • sterk etisk fundamentert og høg integritet.

Personlege eigenskaper vert vekta høgt i denne viktige stillinga. 


Kvifor skal du jobba hos oss?

Har du lyst å jobbe i, og leie ei teneste med eit viktig samfunnsoppdrag? Då trur vi at du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med moglegheit til å utvikle legetenestene saman med engasjerte og kunnskapsrike medarbeiderar, og i samarbeid med andre leiarar i kommunen. Du blir del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg, og dessutan ein del av den utvida leiaregruppa til kommunedirektøren. 

Du blir tilsett som einingsleiar med personal-, budsjett- og økonomiansvar, og er lønnsplassert lønnskapittel 3.4.2. Lønna blir årleg regulert gjennom lokale lønsforhandlingar. 

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. 

Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner. 

For at søknaden din skal bli vurdert ber me deg legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, i form av vitnemål og tenestebevis/arbeidsattester.


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktpersoner
Helen Koldal
kommunalsjef helse og omsorg
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter