Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit!
Hos oss får du:
Som seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit i Tussa får du vere med og forme eit fagområde i utvikling. Du blir ein viktig del av fagmiljøet vårt, samstundes som du får sterk påverknad på korleis vi vidareutviklar Tussa IRT (Incident Response Team) og dei kunderetta sikkerheitstenestene våre.
Du får:-
Varierte oppgåver innan informasjonssikkerheit, beredskap og rådgjeving
-
Jobbe tett med dyktige kollegaer og kundar
-
Fagleg utvikling og høve til å byggje vidare på kompetansen din
-
Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen
-
Dokumentert godt arbeidsmiljø
-
Ta del i Tussa sine mange velferdsordningar, som t.d. treningstilbod, lån av hytter, kunstklubb og sosiale arrangement
-
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga:
Vil du hjelpe kundane våre med å førebygge, handtere og lære av digitale sikkerheitshendingar?Vi styrkjer satsinga vår innan informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitsleiing og ser etter ein rådgjevar som kan kombinere fagleg tyngde med praktisk og kunderetta arbeid.
I denne rolla får du ei sentral oppgåve i å vidareutvikle beredskapsarbeidet vårt og leie det operative arbeidet i Tussa IRT (Incident Response Team). Samstundes skal du arbeide tett med kundane våre med rådgjeving innan sikkerheitsleiing, risikostyring og ISMS.
Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere:-
Operativt ansvar for Tussa IRT og bidra til å utvikle teamet gjennom trening, øvingar, metodikk og gode verktøy
-
Beredskapsarbeid og beredskapsøvingar for kundar
-
Støtte kundar ved sikkerheitshendingar
-
Gi råd om sikkerheitsleiing og risikostyring
-
Arbeide tett med leiarar og avgjerdstakarar hos kundane våre
-
Bidra med fagleg støtte i kundedialogar og sal av sikkerheitstenester
-
Bidra til å vidareutvikle tenestene våre innan informasjonssikkerheit og beredskap
Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring innan eitt eller fleire av desse områda:
-
Sikkerheitsleiing, beredskap og handtering av hendingar
-
IT-sikkerheit og sikring av IT-miljø
-
Kompetanse innan sikring av Microsoft-skymiljø er ein fordel. Det same gjeld god forståing for kunstig intelligens
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
For å lukkast i rolla trur vi at du:
Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit, beredskap og menneske.
-
Trivst med å arbeide ute hos kundar
-
Kommuniserer godt med både tekniske fagmiljø og leiarar
-
Har evne til å gjere kompliserte sikkerheitsproblem forståelege og handterbare
-
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for framdrift, men likar samstundes å samarbeide og dele kompetanse
-
Er strukturert og god til å planleggje og prioritere
-
Skaper tillit og byggjer gode relasjonar
-
Held hovudet kaldt når situasjonen krev raske og gode vurderingar