Konsulent Microsoft 365
Stilling
Konsulent Microsoft 365
Lokasjon
Åndalsnes, Hovdebygda, Sykkylven, Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er "Microsoft AI Cloud Partner"
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdV
Vi er i vekst og søkjer etter IT-konsulent Microsoft 365
Har du relevant erfaring, så kan du bli ein del av Tussa IKT sitt solide fagmiljø. Du kan velje Ålesund, Ørsta, Sykkylven eller Åndalsnes som oppmøtestad.
Nokre av arbeidsoppgåvene til ein Microsoft 365 konsulent vil vere:
- Drift og administrasjon av moderne klientmiljø (Intune/Entra ID)
- Klargjering, utrulling og livssyklusforvaltning av klientar
- Oppfølging av sikkerheit, compliance og oppdateringar
- Feilsøking og handtering av klientrelaterte saker
- Administrasjon av applikasjonar og programvareutrulling
- Dokumentasjon, standardisering og kontinuerleg forbetring
Samarbeid med servicedesk og fagmiljø innan Microsoft 365 og sikkerheit
Relevante teknologiar:
- Microsoft Intune, Entra ID, Microsoft365
- Windows 11 og macOS
- Windows Autopilot
- Microsoft Defender
- Conditional Access og Compliance
- BitLocker og MAM
- PatchMyPC, Nerdio MSP
- Scripting og automasjon (PowerShell, Bash)
Kvalifikasjonar:
- relevant høgare utdanning - minimum fagbrev innan IT‑drift/IKT‑service (solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- Interesse for klientadministrasjon, Microsoft 365 og skytenester
- Grunnleggjande forståing av Windows, macOS og nettverk
- Erfaring med moderne klientforvaltning og sikkerheit
- Erfaring med Intune, Entra ID og Microsoft Defender er ein fordel
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi kan tilby
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Kurs, konferansar og sertifiseringar
- Fleksibel arbeidstid
- Sosiale arrangement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig løn etter avtale
Kontaktpersoner
Magnus Lande
Avdelingsleiar leveranse
Magnus Grimstad
Leiar forretningsområdet IT
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.