Bygg framtidas dataplattformar med Tussa IKT

Stilling
Dataingeniør og senior dataingeniør
Lokasjon
Hovdebygda
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet.

Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert, ISO 14001-sertifisert og er Microsoft AI Cloud Partner.

Tussa IKT AS driftar IT-systema til små og mellomstore bedrifter - både lokalt og nasjonalt. I tillegg er vi konsulentar for dei same kundane.

Dataplattform er ei ny satsing hos oss. I dag er vi tre i teamet, men satsinga gjer at vi snart doblar kapasiteten. Kundane er store nok til å ha mykje data, og små nok til at du snakkar direkte med dei som skal bruke dataane. Vegen frå behov til løysing er difor effektiv og kort.

Vi byggjer fagmiljø for dataplattform

Vi produserer stadig meir data, og kundane våre treng hjelp til å samle, strukturere og bruke dei. Difor byggjer vi no opp eit eige fagmiljø for dataplattform. Vil du vere med frå starten som dataingeniør eller senior dataingeniør?

Hos oss får du:
  • Vere med frå starten. Du vert viktig i arbeidet med å bygge eit sterkt fagmiljø for dataplattform

  • Vere med på å setje retninga. Du set standardane, vel mønstera og ser løysingane dine leve vidare

  • Sjå heile livssyklusen. Vi driftar dei fleste plattformene vi byggjer, og får difor sjå kva som fungerer over tid

  • Kome tett på kundane. I SMB-marknaden snakkar du med dei som tek avgjerdene

  • Utvikle både organisasjonen og deg sjølv

I arbeidet med å bygge dataplattformer vil du vere involvert frå kjelde til ferdig tilgjengelege data. Oppgåver vil vere:

  • Hente inn data frå fagsystem og ERP, eksterne API-ar, sensorar, sanntidsstraumar og filer

  • Standardisere, transformere og modellere data til noko kundane kan stole på

  • Gjere data tilgjengeleg via API og databasar for analyse og BI, eigne applikasjonar og KI-løysingar

  • Setje plattformene i drift og forbetre dei over tid saman med resten av avdelinga

  • Snakke med kundane, forstå behovet og foreslå løysingar som passar storleiken deira

Som senior får du i tillegg ansvar for arkitekturen. Du er med på å utforme standardane våre for korleis vi byggjer og driftar dataplattformer, og du deler kompetansen med kollegaene dine.

Teknologien vår

Vi byggjer på Databricks i Azure, og jobbar også med Microsoft Fabric hos fleire av kundane våre. SQL og Python er sentrale verktøy, og vi leverer data gjennom API-ar og databasar. Kva meir vi skal ha i verktøykassa, får du vere med og bestemme.

Kven er du?

Dataingeniør:
  • Nokre år med relevant erfaring

  • Lyst til å lære og utvikle deg saman med teamet

Senior dataingeniør:
  • Solid erfaring frå tilsvarande roller

  • Har designa og bygd dataplattformer som har gått i produksjon

  • Trygg på arkitekturval og kan forklare vala for både utviklarar og kundar

  • Likar å rettleie andre

Til begge stillingane treng du:
  • Praktisk erfaring med Databricks eller Microsoft Fabric

  • Erfaring med å byggje datapipelinar: innhenting, transformasjon og tilgjengeleggjering

  • Ferdigheiter i SQL og Python

  • Kunne flytande norsk, munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du har:
  • Erfaring med sanntidsdata eller sensordata

  • Erfaring med å utvikle API-ar

  • Erfaring med drift og overvaking av dataplattformer

  • Jobba som konsulent eller med anna direkte kundekontakt

Som person er du nysgjerrig og sjølvgåande. Du trivst med å snakke med kundar som ikkje er teknikarar, og du tek eigarskap til det du leverer, også etter at det er sett i drift.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Marknadsleiande pensjonsordning

  • Delvis heimekontor

  • Kurs og sertifiseringar du treng i jobben

  • Velferdsaktivitetar og tilgang til velferdshytter

  • Godt arbeidsmiljø i ein trygg og solid organisasjon

Vi vurderer søkjarar fortløpande, så søk gjerne tidleg. Gjer greie for om du søkjer senior dataingeniør- eller dataingeniørstillinga.

Oppstart: Så snart som råd.

Teknologier og programvare
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter