Spanande og variert stilling hjå eit unikt betongfirma på Voss
Det aukar på med arbeid, og me har fleire spanande prosjekt på gang i tida som kjem. Oppdraga er varierte og spenner breitt frå store kunstinstallasjonar til meir ordinær elementproduksjon. Kundane våre er alt frå privatpersonar og mindre firma til dei store nasjonale entrepenørane og offentlege verksemder.
Me er på jakt etter ein person som kan arbeida for eige maskin, men og samarbeida godt med andre.Vedkomande må kunne lesa teikningar og bruka ymse vertktøy og maskiner. Ein må væra førebudd på å ta i eit tak i eit til tider hektisk miljø. Evna til å tenkje «utanfor boksen» vil vera ei føremon då oppdraga innimellom kan liggja eit stykke unna det tradisjonelle. Nøyaktigheit, presisjon og evna til å leggje stoltheit i eige arbeid er ein føresetnad hjå oss.
Arbeidsoppgåvene vil variera mellom noko standardproduksjon og til ei kvar tid spanande prosjekt der ukonvensjonelle løysingar ofte nyttas.Bedrifta produserer noko standardiserte produkt som det til ei kvar tid må væra lagerbehaldning av. Men, hoveddelen av det me produserer er «skreddarsaum». Arbeidsoppgåver vil typisk vera formbygging, armering, støyping, sliping og håndtering. Ein må påreikna noko utearbeid og reising i samband med montering etc.
Er du betongfagarbeidar, forskalingssnikkar eller tømrar med interesse for betong kan det godt henda du er den me ser etter.Sjølv om det er ein føremon med fagbrev er det ikkje avgjerande for oss. Relevant erfaring og bakgrunn er viktig då ein uansett må rekna med at ein del vil væra nytt og ukjent. Evna til å læra nye ting og oppriktig interesse for faget vil bli vektlagt. Me er ikkje mange her hjå oss, så det er og viktig at vedkomande passar inn.
Om rett person er relativt tidleg i yrkeskarriera gjer ingenting, men ikkje ei forutsetning. Me ser etter deg som ser ei framtid i ein bransje som satsar på utvikling og innovasjon. Framtida skal og må byggjast i betong.
Forutan spanande arbeidsoppgåver kan me tilby eit godt arbeidsmiljø, gode forsikring- og pensjonsordningar og ei løn du vil væra nøygd med.
Vedkomande må snakka godt norsk og ha førarkort kl B
Arbeidsstad er i produksjonslokaler på Istadmyrane/Dalsmoen, Voss.
Ved spørsmål ta kontakt med Rune Skjoldal på rune@tungeting.no
Er du interessert sender du ein skrifteleg søknad til post@tungeting.no
Om du ikkje kjenner til oss kan du sjekke oss ut på www.tungeting.no / Facebook / Instagram / Linkedin