Varierte oppgåver i skade- og lakkavdeling

Stilling
Bilskadereparatør / Lakkerar / Sveiser
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. nov.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du fagbrev, erfaring frå bilbransjen eller likar å skape resultat du kan vere stolt av?

Trucknor Firda opplever aukande oppdragsmengde og søkjer derfor nye kollegaer til vår skade- og lakkavdeling i Førde.

Vi reparerer, fikser og lakkerer bussar og lastebilar for kundar over heile regionen. Arbeidskvardagen er variert, og vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har erfaring innan bilskade, lakk, sveis eller mekaniske fag. Har du ikkje relevant fagbrev, men rett innstilling og interesse for faget, oppmodar vi deg likevel om å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Skadereparasjon av bussar og lastebilar

  • Oppretting og utskifting av skadde komponentar

  • Sveising og produksjon av delar

  • Ruteskift

  • Lakkering og overflatebehandling

  • Taksering og dokumentasjon av skadar

  • Samarbeid med verkstad og kundemottak

Kven ser vi etter?

Vi søkjer deg som:

  • Er kvalitetsbevisst og løysingsorientert

  • Har interesse for bil- og transportfaget

  • Tek ansvar og trivst med sjølvstendig arbeid

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan bilskade, billakkering, reparatør tunge køyretøy eller tilsvarande fag

  • Erfaring frå skadeverkstad, mekanisk arbeid, sveising eller lakkering

  • Førarkort klasse B

  • Klasse C, CE eller D er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Eit solid selskap med gode framtidsutsikter

  • Moderne verkstad og godt utstyr

  • Opplæring, kurs og kompetanseutvikling

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

  • Moglegheit til å ta relevante sertifikat og førarkort etter avtale

Hos Trucknor Firda får du jobbe med store køyretøy, moderne utstyr og dyktige kollegaer i eit selskap som satsar på både folk og fag. Interessert?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Vi vurderer søknader fortløpande.

Søknadsfrist: Snarast.
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter