Vil du avgjere saker som betyr noko for folk og eigedom?

Stilling
Konstitusjon som jordskiftedommar
Lokasjon
Voss
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. okt.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

I denne stillinga får du høve til å arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver, samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle - nemleg å skape tillit mellom naboar.

Som jordskiftedommar handterer du mellom anna saker om naboar som treng å avklare vegrett, usemjer knytte til jaktrettar og tvistar om eigedomsgrenser.

Mange av partane er sjølvprosederande, noko som stiller krav til fagleg presisjon, god dømmekraft og evne til å formidle jussen på ein folkeleg måte.

Ei svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen - og då tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis arbeidet blir utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre.

Det blir ledig ein eittårig konstitusjon med moglegheit til forlenging som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett, rettsstad Voss. Rettsstad Bergen vil òg kunna vurderast som kontorstad. Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadane i jordskiftesoknet. Tiltreding etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte

  • å leie rettsmøte og rettsmeklingar

  • å skrive avgjerder i eigne saker

  • å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

For å bli jordskiftedommar må du ha følgjande kompetanse:

  • jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som oppfyller vedtekne kompetansekrav

  • brei yrkes- og livserfaring, som er grunnleggjande i møte med varierte saker og menneske i ulike situasjonar

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit klart og tilgjengeleg språk

  • sterke analytiske evner og eit godt blikk for komplekse juridiske og jordskiftefaglege problemstillingar

  • evne til å jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder

  • vere fleksibel og ha kapasitet til å bidra ved behov

  • evne til å bruke digitale verktøy for å effektivisere arbeidsprosessar

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.

Vitnemål og karakterutskrifter skal leggjast ved søknaden. Vi ber om at dokumentasjonen blir henta frå Vitnemålsportalen og lasta opp saman med søknaden. Personlege eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:

  • du har høg fagleg kompetanse

  • du må ha høg personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane

  • du må kunne kommunisere godt med alle partar

  • du må kunne arbeide sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.

Vi tilbyr

I tillegg til ein jobb som har stor betydning for enkeltpersonar og samfunnet, får du:

  • stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø - du vil arbeide i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget

  • faglege samlingar og samarbeid med andre jordskifterettar

  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse

  • høve til å nyte den herlege naturen rundt Bergen, Voss og Hardanger midt i arbeidstida og på fritida.

Ved tilsetjing blir det tilbydd årsløn som for tiden er kr. 1 049 200,-

Skyss- og kostgodtgjersle etter statens regulativ. Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkjaren må ha førarkort for bil.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CVen. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Generelle føresgner

Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på: www.domstol.no/no/innstillingsradet/ledige-stillinger/sokerliste/

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.

Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida: «Søk denne stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter