Toyota Norheimsund søkjer kunderådgjevar

Stilling
Kunderådgjevar
Lokasjon
Norheimsund
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Du treng ikkje kunne alt om bil for å lukkast som kunderådgjevar hos Toyota Norheimsund. Det viktigaste er at du likar menneske, trivst med ansvar og vert motivert av å skape gode kundeopplevingar.

Som kunderådgjevar vert du bindeleddet mellom kundane våre og verkstaden. Du følgjer kunden gjennom heile besøket, frå bilen vert levert inn til nøklane vert gjevne tilbake, og syter for god kommunikasjon og ei trygg oppleving undervegs.

Du får ein variert arbeidskvardag der kundekontakt vert kombinert med koordinering, sal, ansvar for delelageret og administrative oppgåver. Nokre dagar handlar det om å finne den beste løysinga for ein kunde, andre gonger om å sjå til at delane er på plass, følgje opp ei verkstadordre eller sikre at kunden veit kva som skjer med bilen.

Du vil mellom anna:

  • Ta imot kundar ved innlevering og utlevering av bil
  • Rettleie og følgje opp kundar gjennom verkstadbesøket
  • Identifisere behov og tilby relevante verkstadtenester
  • Ha ansvar for delelageret, inkludert fakturagodkjenning, og følgje opp delar og bestillingar
  • Bidra med logistikk knytt til dekkhotellet
  • Handtere ordrar og fakturering
  • Syte for god kommunikasjon mellom kunde og verkstad
  • Bidra til at kundane våre får ei best mogleg oppleving

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som naturleg set kunden først. Du er flink til å lytte, forstå behov og finne løysingar, samstundes som du klarer å halde oversikta når det er mykje som skjer.

Du trivst med menneske og kommuniserer godt med ulike typar kundar. Samstundes har du interesse for bil og ei teknisk forståing som gjer at du raskt kan setje deg inn i behova og problemstillingane til kunden.

Erfaring frå bilbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du jobba med kundeservice, rådgjeving eller sal og kjenner deg att i rolla, vil me også gjerne høyre frå deg.

Me trur du:

  • Har gode kommunikasjonsevner og likar kundekontakt
  • Er oppteken av eit godt arbeidsmiljø, og tek aktivt ansvar for å bidra til trivsel og godt samarbeid
  • Har interesse for bil og god teknisk forståing
  • Er serviceinnstilt og oppteken av gode kundeopplevingar
  • Er strukturert og løysingsorientert
  • Har god arbeidskapasitet og tek ansvar
  • Er komfortabel med IT som arbeidsreiskap
  • Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid

Kvifor Toyota Norheimsund?

Hos Toyota Norheimsund vert du ein del av ein bilforhandlar i hjartet av Hardanger, der sal, verkstad, delar og dekk er samla under same tak. Gjennom samarbeidet vårt med Mekonomen er me òg fleirmerkeverkstad, og tek imot bilar av alle merke.

Du får jobbe med bilane til verdas største bilprodusent og vert ein del av eit fagmiljø der kvalitet, kontinuerleg forbetring og gode kundeopplevingar står sentralt. Me er stolte av å vere ein av Noregs beste Toyota-forhandlarar på kundetilfredsheit.

Hos oss får du mellom anna:

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Opplæring og fagleg utvikling gjennom opplæringsprogramma til Toyota
  • God støtte frå dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste og tilgang til personalhytte
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på gode arbeidstilhøve
  • Moglegheita til å utvikle deg i ei solid verksemd og ein bilbransje i stor utvikling

Om Toyota Norheimsund

Toyota Norheimsund er ein del av Jæger Automobil AS og er Toyota-forhandlar i Hardanger. Frå anlegget vårt i Norheimsund tilbyr me mellom anna nye og brukte bilar, verkstadtenester, delar og tilbehøyr og dekkhotell. Gjennom Mekonomen tek me òg imot bilar av andre merke. Toyota har vore marknadsleiar i Kvam omtrent kvart år sidan oppstarten i 1994.

Jæger Automobil er ein del av Jægergruppen, den største bilforhandlaren på Vestlandet, og representerer Toyota, Lexus, BMW og MINI. Konsernet har over 250 tilsette og ei årleg omsetnad på 1,6 milliardar kroner.


Klar for å bli det nye andletet til Toyota Norheimsund ut mot verkstadkundane?

Er du usikker, så søk likevel.

Kontaktpersoner
Ivar Kolltveit
Ettermarkedsleiar / Teknisk leiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter