Ansatte
31
Etablert
2000
Hovedkontor
Tonstad
TONSTAD BAKERI AS
Tonstad Bakeri AS finn du midt i Tonstad sentrum i Sirdal kommune. Her har me eit bakeri kor me produserer varene våre, ei lita butikkavdeling og ei koseleg vinterstove. Det meste av det me produserar lagar me på "gamlemåten", noko som gjer ein heilt eigen "heimelaga" smak på produkta våre. I 2024 blei me sertifisert som handverksbakeri, men i praksis har me haldt på med same arbeidsmåte sidan 1936.
Me held til i ein fin kommune med flott natur og moglegheit for spennande friluftsliv, bad og idrett. Berre ein time kjøring til næraste by.
Me hjelper gjerne med å finne bustad.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.