Har du erfaring frå oppfølging og kontroll? Og er nysgjerrig på kontroll innan vareførsel?
Stilling
Rådgiver og seniorrådgiver risikobasert oppfølging
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Samfunnsoppdraget til Tolletaten er like enkelt som det er viktig: Å sikre at varene som kryssar Noreg sine grenser, er trygge og lovlege.
I løpet av ein dag blir store mengder varer frakta over grensa. Dei kjem med fly, båt, tog, bil og lastebil frå heile verda, før dei held fram på ferda si ut til næringsliv og privatpersonar. Kvar dag kontrollerer vi for å sikre at varene oppfyller krava i norske og internasjonale lover og reglar. Slik vernar vi Noreg, næringslivet og menneska som bur her.
Vareførselsdivisjonen, med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen har nasjonalt fagansvar for kontroll med den registrerte vareførselen. Vi skal bruke kontrollverkemidla overfor næringslivet på ein heilskapleg og målretta måte, for å sikre at regelverket blir følgt. Avdeling for risikobasert oppfølging gjennomfører kontroll av vareførselen og har seksjonar i Tromsø, Oslo, Kongsvinger og Bergen. Seksjonen i Bergen er i vekst og vi har behov for å rekruttere ein seniorrådgivar og ein rådgivar med erfaring frå kontrollverksemd.
Seksjonen i Bergen har ansvar for kontroll av sjømat, i tillegg til tollkrim som er blant dei alvorlegaste sakene innanfor Tolletaten sitt verkefelt. Vi ønsker blant anna å styrke kompetansen vår for å avdekke kvitvasking. Seksjonen jobbar kontinuerleg for å utvikle og utvide Tolletaten sine kontrollar og samarbeider tett med andre kontrollstyresmakter som Fiskeridirektoratet, Skatteetaten og Politiet.
Sjølv om vi gjer mesteparten av kontrollarbeidet frå kontoret er vi også på fysisk kontroll hos firma og noko reiseverksemd må du rekne med. Høyrest dette interessant ut, så søk gjerne! Vi søkjer etter to kandidatar, ein rådgivar og ein seniorrådgivar.
Kven er du?
For å lukkast i rolla må du ha erfaring frå ei kontrollrolle og kunne vise til gode resultat. Du må vere engasjert, ta ansvar og ha eit framtidsretta perspektiv. Du evnar å sjå heilskapen, samtidig som du har god forståing for detaljar. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke, drive utvikling og bidra til at vi når måla våre. Tolletaten skal vere ein lærande organisasjon, og du må vere ein lagspelar som ønskjer å bidra til laget. Integritet i arbeidet er sjølvsagt.
Sentrale arbeidsområde
Arbeidet omfattar kontroll i notid og ettertid, inkludert oppfølging og kontroll av at autorisasjonar og løyve blir etterlevde. I tillegg gjennomfører seksjonen kontroll av grunnlagsdata og statistiske data, tollavgift, restriksjonar, ulovlege varer og etterleving av regelverk og prosedyrar i den registrerte vareførselen. Revisjonar er eit viktig verktøy for å førebyggje, motverke og avdekke økonomisk kriminalitet.
Arbeidsoppgåvene vil variere ut i frå kva satsingar og prioriteringar som til kvar tid gjeld for seksjonen. Både i seksjonen og i avdelinga arbeider vi med å utvikle ansvars- og fagområda. Det kan derfor bli endringar som følgje av dei satsingane og prioriteringane verksemda vedtek.
Kvalifikasjonar:
Ønska kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing og samtykke til Semac bakgrunnssjekk. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på telefon 92808535
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

- gjennomføre kontrollar av grensekryssande vareførsel
- sikre etterleving av regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel
- ha kontakt med næringslivet og samarbeidande myndigheiter
- delta i utviklings- og prosjektarbeid
Arbeidsoppgåvene vil variere ut i frå kva satsingar og prioriteringar som til kvar tid gjeld for seksjonen. Både i seksjonen og i avdelinga arbeider vi med å utvikle ansvars- og fagområda. Det kan derfor bli endringar som følgje av dei satsingane og prioriteringane verksemda vedtek.
Kvalifikasjonar:
- relevant bachelor for stilling som rådgivar
- relevant mastergrad for stilling som seniorrådgivar (aktuelle fag for begge stillingar kan vere økonomi, regnskap, rettsvitskap, toll, logistikk mm.) I særlege tilfelle kan bestått bachelor erstatte krav om master
- tollfagleg utdanning frå Tolletaten sitt kompetansesenter og god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelor- eller mastergrad
- god skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk
- gode it-kunnskapar
- relevant erfaring, for stilling som seniorrådgivar er det krav om særleg relevant erfaring
Ønska kvalifikasjonar:
- kontrollerfaring, helst frå offentleg sektor
- god forståing for rekneskap og finansiell rapportering
- kompetanse frå fiskeri/havbruk
- kontroll innan vareførsel
- antikvitvasking
Vi søkjer deg som:
- er strukturert og har gode analytiske evner
- har svært gode samarbeidsevner, lyttar og bidrar til eit godt samarbeid både internt og eksternt
- liker å ta initiativ og er løysingsorientert
- er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- svært godt arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
- intern opplæring
- fagleg samarbeid både internt og med andre offentlege myndigheiter
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning med anledning til å bruke ein time i vekatil aktivitet og bevegelse i arbeidstida
- lønn ut frå erfaring og kvalifikasjonar. For rådgivar 550 000 – 650, for seniorrådgivar 650 000 – 750 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan noko høgare lønn vurderast
- arbeidsstad Bergen, i moderne kontorlokale i Solheimsgaten med tilgang på sykkelparkering, treningsrom og ei veldriven kantine
Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing og samtykke til Semac bakgrunnssjekk. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på telefon 92808535
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktpersoner
Kenneth Rastad
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.