Assistent/miljøarbeider
Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen.
Dette inneber mellom anna:
- Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen
- Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring
- Skape ro, tryggleik og struktur
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
- Vi legg stor vekt på relevant erfaring.
- Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Er roleg, påliteleg og trygg i møte med andre
- Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og trygg arbeidskvardag
- God opplæring og oppfølging
- Løn etter gjeldande avtale
- Arbeidstid kan variere
- Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren
Andre opplysningar
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
Kontaktinformasjon
Marit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.noArbeidsstad
Revahaugvegen 23880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5198631156
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 15.09.2027
Søknadsfrist: 05.11.2026