Todalen og Stangvik oppvekstsenter

Arne Landsem er einingsleiar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter som består av to skular og to barnehagar. Stangvik skule ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik barnehage. Stangvik skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer litt år for år, men ligg på omkring 50 elevar. Gro Kvammen Sæter er styrar i Stangvik barnehage. Stangvik barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage. Antal ungar varierer også her, med omkring 30-35 ungar fordelt på 3 avdelingar etter alder. Alderen på ungane er frå 0-6 år. Barnehagen ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring. Vi har ein lavvo og ei grillhytte i skogen som vi nyttar mykje. Todalen skule ligg i Todalen, på same område som Todalen barnehage. Rektor ved skulen er Britt Mossing. Todalen skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer frå år til år, men ligg på omkring 25 elevar. Jorunn Nordvik er styrar i barnehagen i Todalen. Barnehagen, som er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter, har eit heildagstilbod for barn i alderen 0-6 år, og er godkjent for 18 plassar. Vi ønskjer å bidra til ein god barndom, og gje eit variert pedagogisk tilbod, der trivsel, tryggleik, leik og læring står sentralt. Vi ønskjer å gje rom for mangfald, der respekt og toleranse for kvarandre er viktig. Alle skal få opplevingar og erfaringar i høve til alder og modning.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter