Pedagogisk leder og pedagogisk medarbeidere
I Kvernaland barnehage har me ledig stilling som pedagogisk leiar i 100% fast stilling og pedagogisk medarbeidar for tilkalling. Her kan det bli moglegheit for kortare eller lengre vikariat.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelses erfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie
Kvifor søke på arbeid hjå oss?
Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet vert verdsett og trivast
Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg
Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik.
Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling. Me prioriterer bruk av vikarar ved fråvær slik at resterande personale har kapasitet til å utføra jobben på ein tilfredsstillande måte.
Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar:
- Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.
- Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som føljer stillinga.
For begge stillingar:
- gje barna ein god og trygg start på livet
- samarbeide godt med kollegaer og føresette
- ta ansvar og delta aktivt for å bidra til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette
- Bidra til et godt omsorgs- og leikemiljø for barn
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Andre med anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk er velkomne til å søka
- Godkjent utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Du har godt humør, og bidreg til å skapa trivsel og humor i kvardagen
- Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team mot felles oppgåver og mål
- Du kan bidra til et godt omsorgs og leikemiljø for barna
- Det krevst gode norskkunnskapar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til ulike oppgåver i kvardagen.
- Du liker utfordringar, er engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner
- Me søkjer etter deg som liker godt å være saman med barn. Du tenker og praktiserer til barnet sitt beste
- Me ønsker tilsette som har fokus på å være autoritative vaksne.
- Du er engasjert og villig til å by på deg sjølv.
Me tilbyr
- Der det er lovkrav om det, må politiattest registrerast før første arbeidsdag tar til.
- God pensjonsordning, offentleg tenestepensjon frå KLP.
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Me er studentbarnehage for UIS
- Deltaking i internasjonale og lokale prosjekt.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Kverneland Ueland, Styrar, 48603397, ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.noArbeidsstad
Holmebakken 454355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5208318779
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 31.12.2026