Pedagogisk leiar og fagarbeider
Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.
for begge stillingane:
Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa
Samarbeide med kollegaer og føresette
Følgje opp daglege rutinar
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeider
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
- Me legg vekt på at du er eigna til stillinga
Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Me ser etter vaksne som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
Me ønskjer leiarar som fremjar inkludering gjennom ei autoritativ vaksenrolle.
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156Arbeidsstad
Kjeldevegen 14344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5203177806
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Startdato: 14.12.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026