Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd
Stilling
Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd
Lokasjon
Bryne
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du gjera teknologi om til betre tenester og ein enklare arbeidskvardag?
Time kommune søkjer ein digitaliseringsrådgjevar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi. Hos oss får du vera med og utvikla helse- og velferdstenestene, forenkla arbeidsprosessar og sørgja for at digitale løysingar gir reell verdi for innbyggarar og tilsette.
Helse- og velferdstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre, større tenestebehov og færre i arbeidsfør alder gjer at me må arbeida smartare. Digitalisering handlar derfor ikkje berre om nye system, men om å skapa tryggare tenester, betre flyt og meir tid til dei oppgåvene som krev menneskeleg kompetanse.
I denne rolla får du eit særleg ansvar for å knyta saman behova i tenestene med moglegheitene i teknologien. Du skal bidra til god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering. Time kommune skal innføra ny elektronisk pasientjournal i 2027. Du vil få ei sentral rolle i innføringa, og i det vidare utviklingsarbeidet.
Stillinga er organisatorisk plassert i avdelinga Digitalisering og dokumentforvaltning og arbeider tett med leiinga, fagmiljøa og fagutviklarane i Helse og velferd. Du vil òg samarbeida med leverandørar og faglege nettverk, mellom anna gjennom DigiJæren og DigiRogaland.
4344 BRYNE
Referansenr.: 5201209384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Arbeidsoppgåver
- Driva digitalisering og tenesteutvikling innan helse og velferd gjennom prosjektleiing, endringsarbeid og tett samarbeid med leiarar og fagmiljø.
- Ha systemansvar for sentrale fagsystem og digitale løysingar, og sørgja for god drift, forvalting og vidareutvikling i samarbeid med brukarar, leverandørar og andre fagmiljø.
- Ha ei sentral rolle i innføringa av ny elektronisk pasientjournal og andre e-helseløysingar.
- Kartleggja arbeidsprosessar, identifisera flaskehalsar og bidra til forenkling og automatisering gjennom integrasjonar og smart bruk av teknologi.
- Planleggja og gjennomføra opplæring, rådgiving og støtte til leiarar, tilsette og superbrukarar.
- Følgja opp bruk, gevinstar og forbetringsbehov slik at kommunen utnyttar systema og løysingane best mogleg.
- Bidra i anskaffingar, kontraktsoppfølging, samarbeid med leverandørar, og delta/leia implementering av løysingar innan e-helse.
- Sørgja for at digitale løysingar blir forvalta i tråd med krav til informasjonstryggleik, personvern og forsvarleg handsaming av kommunen sine data.
- Representera Time kommune i relevante faglege samarbeid og nettverk, mellom anna DigiJæren og DigiRogaland.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis med videreutdanning innen e-helse, helseinformatikk, tenesteutvilkling, digitalisering eller tilsvarende.
Lang og særleg relevant erfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet. - Erfaring med prosjektleiing, endringsarbeid eller utvikling av arbeidsprosessar. God fagleg innsikt og erfaring med e-helse eller velferdsteknologi er ein fordel
- God digital forståing og evne til å sjå samanhengen mellom behov, arbeidsprosessar, teknologi og organisering.
- Erfaring med systemforvalting, Mobile Device Management (MDM) løysningar, digitale fagsystem eller innføring av nye løysingar.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ein fordel om du har
- Kjennskap til kommunale helse- og velferdstenester, elektronisk pasientjournal, samhandlingsløysingar eller velferdsteknologi
- Erfaring med gevinstrealisering, anskaffingar eller kontraktsoppfølging
- Kompetanse innan informasjonstryggleik og personvern
- Erfaring med opplæring, rettleiing eller kompetansebygging
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Du er nysgjerrig, lærevillig og held deg fagleg oppdatert.
- Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
- Du byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med leiarar, fagpersonar, tekniske miljø og leverandørar.
- Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege.
- Du ser heilskapen, utfordrar etablerte arbeidsmåtar på ein konstruktiv måte og omset idear til praktiske resultat.
- Du forstår at endring handlar like mykje om menneske og arbeidskultur som om teknologi.
Me tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og velferdstenester i Time kommune.
- Moglegheit til å påverka korleis kommunen arbeider med digitalisering, e-helse og tenesteutvikling.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom digitalisering, leiing og fagmiljø.
- Faglege nettverk og samarbeid på tvers av kommunegrensene gjennom DigiJæren og DigiRogaland.
- Ein variert arbeidskvardag med både strategiske og operative oppgåver.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kunstforening.
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Amund Junge, Leder, 40237056, amund.junge@time.kommune.noArbeidsstad
Arne Garborgs veg 324344 BRYNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5201209384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktpersoner
Amund Junge
Leder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.