Barne- og ungdomsarbeidar

Stilling
Barne- og ungdomsarbeidar
Lokasjon
Kvernaland
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

 

Vil du vera med på å gje ungane på Frøyland skule og SFO ein kjekk og trygg kvardag?

Me har ledig eit 80% vikariat for skuleåret 2026-2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO.

På Frøyland skule og SFO er me 370 elevar og 55 vaksne. Me er ein barneskule med elevar på 1.-7.trinn. Det er 2-4 parallellar på kvart trinn, og SFO er organisert i 2 basar. Me er opptatt av at ungane våre skal ha det kjekt når dei er på skulen og i SFO. Dei skal oppleve meistring både fagleg og sosialt. 
Me ser etter ein trygg, varm og leiken vaksen som likar å jobbe med ungar. Evna til å skape gode relasjonar til ungane er ein sentral ferdigheit i stillinga. Kvalifikasjonar me ønsker er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse vil og bli vudert. Me legg vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane.  


Arbeidsoppgåver

  • Omsorg, støtte og retteliing av elevar i skule og SFO.
  • Personleg assistanse for elevgrupper og enkeltelevar i skulen.
  • Organisering av leik og aktivitet i SFO.
  • Støtte til enkeltelevar i SFO
  • Vakt i friminutt og matpauser.
  • Samarbeid med andre tilsette i skule og SFO.

Kvalifikasjonar

Fagbrev  som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev og utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring i arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt. 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Olaug Iren Lode, SFO-leiar , 92259299, olaug.iren.lode@time.kommune.no
Karen Helene Seppola, Rektor, 47234604, karen.helene.seppola@time.kommune.no

Arbeidsstad

Kråvegen 2
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5187660747
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 15.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter