Avdelingsleiar ATO Lye skule

Stilling
Avdelingsleiar ATO Lye skule
Lokasjon
Lye
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
5 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning. 

Lye skule har  omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra". 

Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal. 

Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø.

ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging. 
Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.

Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek. 

Oppstart: snarast etter 01.01.2027.

 

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.   

Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid.

Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for:

  • personalansvar for tilsette i avdelinga
  • oppfølging av enkeltvedtak
  • koordinering mot PPT og andre instanser
  • samarbeid med føresette
  • bemanningsplanlegging
  • tverrfagleg samarbeid
  • HMS-ansvar

Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år.
  • God IKT-kompetanse.
  • Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil  
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og kunna kommunisera presist og profesjonelt i møte med elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar.
  • Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

Har god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte 
Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast 
Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer 
Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling 
Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg 
Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen 

Vi tilbyr

  • Ein etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet  
  • Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ  
  • Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne  
  • Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling  
  • Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport  


    Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga
 

Kontaktinformasjon

Sigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933

Arbeidsstad

Kvartsvegen 5B
4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5187759210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner
Sigrid Hinnaland Kjetland
Rektor
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter