Rådgjevare - forureining

Stilling
Rådgjevare - forureining
Lokasjon
Bygland
Antall posisjoner
2
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. jan. 2027
Få påminnelse
46 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

 

Indre Agder Kommunale Tilsynskontor for avløp (IAKT) søkjer to rådgjevarar i faste 100 % stillingar.

Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, og Åmli går saman om eit felles tilsynskontor for avløp. Arbeidet blir utført på tvers av alle kommunane, med Bygland som vertskommune. Kontoret er nytt, og du blir med heilt frå starten. Det betyr at du sjølv får vere med på å forme arbeidsmåtar, rutinar og prioriteringar, og byggje eit fagmiljø saman med kollegaene dine.


Kontoret skal sørgje for at avløpsanlegga i dei fem kommunane oppfyller krava i forureiningsregelverket, til beste for vassmiljøet og innbyggjarane i Indre Agder.

 


Arbeidsoppgaver

  • Tilsyn og sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kapittel 12, 13, 15 og 15A
  • Dokumenttilsyn og stadleg tilsyn med avløpsanlegg
  • Oppfølging av avvik, pålegg og andre reaksjonar
  • Rettleiing til anleggseigarar, kommunane og andre aktørar
  • Vere med på å etablere rutinane, systema og strategien til kontoret
  • Andre relevante oppgaver som ligg til avdelinga

Kvalifikasjoner

  • Utdanning innan miljø, VA, bygg, ingeniørfag, juss, naturforvaltning eller anna relevant fagområde, helst på bachelornivå eller høgare
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med tilsyn, sakshandsaming eller avløp er ein fordel
  • Kjennskap til forureiningsregelverket og forvaltningslova er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B er eit krav

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som:

  • Trivst med å ta initiativ og vere med på å byggje noko nytt
  • Er strukturert og sjølvstendig, men likar og å samarbeide
  • Kommuniserer tydeleg og respektfullt, også i krevjande situasjonar
  • Trivst med ein kombinasjon av feltarbeid og kontorarbeid
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Høve til å forme eit nytt kontor og eit nytt fagmiljø heilt frå starten
  • Varierte og samfunnsnyttige oppgåver med stor betydning for vassmiljøet
  • Arbeid i flotte omgjevnader sentralt i Agder
  • Fagleg utvikling og ein organisasjon der det er kort veg frå botn til topp
  • Løn etter avtale og gode pensjonsordningar i KLP




 

Kontaktinformasjon

Lasse Heering Bruun, Daglig leder, +474767 2437 , lasse.heering.bruun@bygland.kommune.no

Arbeidssted

Sentrum 18
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5212787120
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2027

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter