Fagarbeidar/elevrettleiar

Stilling
Fagarbeidar/elevrettleiar
Lokasjon
Dalen
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. okt.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.

Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.




Arbeidsoppgaver

Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.

Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:

  • Utføre oppgåver som er planlagt av faglærar for elevar som treng ekstra støtte i fag
  • Delta i planlegging og ansvar for gjennomføring av praktiske arbeidsoppgåver
  • Som arbeidstrening saman med elev utføre manuelt arbeid ute og inne, som snørydding, vedproduksjon, rydde kvist, arbeid med dyr og liknande. 
  • Følgje opp elevar som skal øve på aktivitetar i dagleglivet, herunder også fysisk trening ma. bassengaktivitetar 
  • Følgje opp elevar som treng støtte i skulekvardagen av årsaker knytt til fysisk og/eller psykisk helse
  • Følgje opp avtaler som er gjort rundt enkeltelevar og klasser
  • Støttefunksjon i undervisning på yrkesfag både i teknologi- og industrifag, elektrofag og helse- og oppvekstfag 

Kvalifikasjoner (overskrift)

Utdanning:

Du må ha fullført vidaregåande skule
Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule

Erfaring:
Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar

Du bør:

  • Like å vere saman med ungdommar
  • Vere god på kommunikasjon og vere ein god lyttar og samtalepartnar.
  • Ha gode samarbeidsevner - like å jobbe i team
  • Vere løysingsorientert, fleksibel og kunne takle uføresette hendingar i skulekvardagen, og kunne tilpasse arbeidet ut frå dette.
  • Vere kreativ og nevenyttig og like å utføre praktisk arbeid
  • Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne til alle årstider

Personlege eigenskapar blir vektlagt

I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)

Kontaktinformasjon

Birgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166

Arbeidssted

Storvegen 195
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Referansenr.: 5195498759
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 29.10.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026

Kontaktpersoner
Birgit Johanne K. Olsnes
Avdelingsleder undervisning
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter