Vernepleiar eller sjukepleiar i 100% fast stilling
Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!
Vår avdeling Klokkerhaugen bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 15.02.2027.
Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg.
Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining, som i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter, støttekontakt og avlasting privat. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
- Bistand til daglege gjeremål
- Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
- Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet
- Kontakt med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
- Primær- og sekundærkontaktarbeid
- Legemiddeladministrasjon
- Samarbeid med pårørande/verge
- Journalføring i EPJ
- Eventuelt koordinatorfunksjon
- Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL og PBRL § 4A
- Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid
- Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
- Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre
- Kunnskap om kap 9 HOTL og kap 4A PBRL
- Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har har god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du held deg fagleg oppdatert, som og inkluderar at du fyl eininga sitt årshjul for kompetanse
- Du viser stort fagleg engasjement og er ein aktiv bidragsytar til dette
- Du er lojal, har evne og vilje til etisk refleksjon og god arbeidsmoral
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5211740584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026