Sjukepleiar 100 % fast stilling
Vil du bli vår nye sjukepleiar i heimebasert omsorg?
Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar som ønskjer å bli ein del av teamet vårt i heimebasert omsorg i Sykkylven kommune.
I heimebasert omsorg møter du menneske i ulike livssituasjonar og får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Vi arbeider for at innbyggjarane våre skal kunne bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg. Som sjukepleiar hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget, samtidig som du får stor grad av sjølvstende og ansvar.
Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, der samarbeid med pasientar og pårørande står sentralt. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og motivert for å halde deg fagleg oppdatert, og som ønskjer å bidra til utvikling av tenesta.
Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med legetenestene og avdeling psykisk helse og rus, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.
Kom å bli med i gjengen vår!
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenester
- Legemiddelhandtering
- Observere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverk
- Handtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.
- Samarbeide tett med brukarar og pårørende
- Oppfølging av grunnleggande og avanserte sjukepleiefaglege prosedyrer, f.eks.: sårstell, medisinsk utstyr, stell av kateter og stomi, førstegangsvurderingar og heimebesøk hos nye brukarar, dialyse, infusjonsbehandling, PEG og sondemat m.m.
- Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet
- Tverrfagleg samarbeid med forebygging og meistringsgruppa.- ergoterapeut, fysioterapeut, hukommelsesteam, dagsenter og helpemiddelansvarleg i kommunen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Stort handlingsrom og sjølvstende i eigen arbeidskvardag
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø som støtter og lærer av kvarandre
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.noAnne Britt Kurseth, Avdelingsleiar HBO, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Auregata 196230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5184054825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2026