Sjukepleiar 100 % fast stilling

Stilling
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Lokasjon
Sykkylven
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Stillingsannonsen er inaktiv.
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. okt.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vi har no ledig 100 % fast stilling ved BUAS sone 2, med moglegheit for å vere med i eit engasjert og inkluderande team!
Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Kvifor BUAS sone 2
Vi er ein samansett og fagleg sterk gjeng som er stolte av arbeidsplassen vår. Her får du moglegheit til å utvikle deg fagleg i eit miljø som verdset kvalitet og samarbeid høgt. Som sjukepleiar hos oss får du bruke og utvikle kompetansen din i eit sjølvstendig arbeid, samtidig som du er ein viktig del av teamet. 
Einiga har også 8 sjukepleiarar som er organisert i stab. Dei utfører oppgåver for heile BUAS, og er også støtte for sjukepleiarane i avdeling.

Vi søkjer deg som brenn for fagleg utvikling og høg kvalitet i pasientomsorga. Du er sjølvstendig, tar utfordringar på strak arm, og har gode samarbeidsevner.
Vi nyttar moderne verktøy som Visma Profil for dokumentasjon og Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister, som gjer kvardagen enklare og meir oversiktleg.
Er du klar for å bidra til eit meiningsfullt og utviklande arbeidsmiljø?

Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!

Tilsetting kan skje fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP 
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
  • Gratis parkering

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5192881081
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Astrid Hammernes Strømme
Avdelingsleiar BUAS sone 2
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter