Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv? 

Stilling
Helsefagarbeidar natt 80 % fast stilling
Lokasjon
Sykkylven
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Stillingsannonsen er inaktiv.
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. okt.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar.

Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt?
Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟

På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp».

BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane.

Kvifor velje oss?

💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø
💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt
💙 Moglegheiter for fagleg utvikling

Bli med på laget vårt!


Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak
  • Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta
  • Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar

Personlege eigenskapar

  • Er positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe
  • Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det
  • Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Nina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5192908182
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter