Helsefagarbeidar 75% stilling, p.t. natt
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 75 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omggjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå 01.02.2027
Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsvariasjonar og inkluderar mellom anna fleire bufelleskap og dagsenter.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
- Helse, omsorgs- og pleiefagleg oppfølging
- Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner
- Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
- Dokumentasjon i EPJ
- Forefallande arbeid
- Legemiddelhandtering kan verte aktuelt
- Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar
- Nokre møte kan kome utanom oppsett arbeidstid i turnus
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning
- Erfaring med miljøterapeutisk arbeid og oppfølging
- Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel
- Erfaring med åtferd som utfordrar
- Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa
- Du evnar og har vilje til å sette deg inn i å etterleve gjeldande lovverk for aktuelle område
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge
- Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen
- Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar, også over tid
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du held deg fagleg oppdatert, og fyl eininga sine oppsette planar for kompetanseutvikling
- God datakunnskap
- Du er open, lojal og til å stole på
- God omstillingsevne
- Personleg egnaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Eva Eline Nygaard Tandstad, avdelingsleiar, 95456291, eva.tandstad@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5210081641
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026